Hopp til innhold
X
Innhald

Christian F. Bekker

Foto av Christian F. Bekker i bustadhuset på Haugland. Foto: A. Veien.

Foto av Christian F. Bekker i bustadhuset på Haugland. Foto: A. Veien.

Christian F. Bekker (1877-1980) Fødd på Madagaskar, busett i Bergen og eigar av garden Haugland i Flekke. Jurist og mesen.

Han vart fødd på Madagaskar, der den tyskfødde faren Frantz Friedrich Becker var misjonsprest. Tre år gamal flytta misjonærforeldra til Bergen, der Frantz F. Becker vart lærar på Hambros skole.

Christian Bekker utdanna seg til jurist og starta advokatpraksis i Bergen. Mora, Bergithe Munthe Finde Tuchsen kom frå Ytre Åsnes.

Bustadhuset til Bekker er i dag ein del av Hauglandsenteret. Foto: NRK.

Bustadhuset til Bekker er i dag ein del av Hauglandsenteret. Foto: NRK.

Då han døydde 103 år gamal i 1980, testamenterte han Haugland til Sogn og Fjordane Røde Kors, med klausul om at eigedomen måtte nyttast til eit senter for born i vanskar.

Her bygde Røde Kors på 1980—talet Hauglandsenteret, eit rehabiliteringssenter etter mønster frå Beitostølen i Valdres.

Bustadhuset på Haugland og andre opphavelege bygningar frå Bekker si tid er ein del av senteret. Bror til Helga Bekker.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013