Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Fredrik Fasting Aall

Christian Fredrik Fasting Aall (1914-1943) frå Vik. Handelsagent. Motstandsmann og telegrafist under 2. verdskrig.

Christian Fredrik Fasting Aall (1914-1943) frå Vik. Handelsagent. Motstandsmann og telegrafist under 2. verdskrig.

Han tok handelsgymnas og arbeidde som handelsagent i Ålesund og Oslo til 1941. Opererte m.a. som radiotelegrafist i Nordhordland.

Arrestert på Nottveit saman med Erling Marthinson den 25.06.1942, overført Bergen, overført Ulven, overført Grini 16.02. 1943, overført Trandum 14.10.1943 og avretta på Tandum 14.10. 1943.

I 1945 vart kista hans ført til Vik og gravlagd ved Hopperstad stavkyrkje. Medfangar frå Grini stod æresvakt ved gravferda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.06.2011