Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Fredrik Fasting

Foto © Fylkesarkivet.

Foto © Fylkesarkivet.

Christian Fredrik Fasting (1799-1887) frå Vik. Offiser og politikar. Han vart offiser i 1820, og kaptein i Bergenske Brigade 1842. Frå 1878 var han krigskommissær i Tønsberg.

I 1838 vart Christian Fasting vald til første ordførar i Vik, og han hadde vervet til 1847. Han var også ordførar 1850-1855.

Vararepresentant til Stortinget 1842 og stortingsmann 1845, 1848 og 1851.

Fasting grunnla i 1846 Viig Sparebank (Vik Sparebank), og var styreformann 1846-1855.

Son av oberstløytnant Thomas Fasting, og budde på «offisersgarden» Sjøtun, som kom inn Fasting-ætta gjennom slektskap med Anders Daae si ætt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011