Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Gahrup Meidell

Christian Gahrup Meidell. © Fylkesarkivet.

Christian Gahrup Meidell. © Fylkesarkivet.

Christian Gahrup Meidell (1780-1863) frå Flesje. Offiser med oberstløytnants grad og politikar. Utdanna i København, og vart kaptein og kompanisjef i 1811. Han busette seg på Flesje i 1818, men gjekk som «offiser utan gasje» fram til 1823, då han vart sjef og for Ladevigske Compagnie af Søndfjordske Korps — sjå Schefsgaarden Frivik. Oberstløytnant 1839—1854.

Første ordførar i Leikanger kommune, som då også omfatta Balestrand, frå 1838 til 1839. Vararepresentant til Stortinget 1824 og 1827, og fast representant 1827—1828.

Oberstløytnant Meidell var kjend som ein gjestfri mann som m.a. hadde diktaren Henrik Wergeland som gjest. Son til Jakob Gerhard Meidell jr..

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.07.2011