Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Nilsen Holberg

Ludvig Holberg skal ha vore huslærar på Flahamar. Måleri av Alexander Roslin.

Ludvig Holberg skal ha vore huslærar på Flahamar. Måleri av Alexander Roslin.

Christian Nilsen Holberg (ca. 1622—1686) stamma frå Skogn i Trøndelag, busett i Bergen. Offiser som m.a. vart kaptein og sjef for Søndfiordske Compagnie i 1657. Kompaniet hadde øvingsplass på Dingemoen i Dale - Eksersisplassen på Dingemoen.

Han tenestegjorde også som leigesoldat på Malta og i Venezia. Deltok i krigane mot Sverige både i Trøndelag og ved Halden.

Gift med Karen Lem frå Lem-slekta som vi m.a. finn på Frønningen. Dei var foreldra til diktaren Ludvig Holberg og magister og sokneprest Fredrik Holberg i Bergen.

Fredrik kjøpte opp mykje av godset til Munthe-slekta i Hellevik (sjå: Munthe-slekta frå Luster til Hellevik) og vart stor jordeigar i Sunnfjord på 1700-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.11.2011