Hopp til innhold
X
Innhald

Christopher Caspar Andreas Munthe

Christopher Caspar Andreas Munthe (1879-1958). Fødd i Düsseldorf, busett i Årøy. Kunstmålar og gardbrukar.

Han var son til den kjende kunstmålaren Ludvig Munthe og vart sjølv ein dyktig landskaps- og portrettmålar. Han tok i 1925 over slektsgarden Årøy og budde der til han døydde.

M.a. måla Munthe eit stort portrett av slektningen, forfattarinna Margrethe Munthe, som no heng i det restaurerte Munthe-huset i Ytre Kroken (sjå: Kroken - adelssete og kulturelt senter).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011