Hopp til innhold
X
Innhald

Claude Lillingston

Claude Augustus Lillingston sr. (1836-1905) frå England, busett på Tysse. Pastor og eigar av Storgarden Tysse, som han overtok i 1880.

Det store herskapshuset som sorenskrivar Nils L. Landmark fekk bygt på Tysse tidleg på 1800-talet vart innreia og møblert ei blanding av norsk og engelsk stil. Her budde den velståande engelskmannen saman med kona Edith Pares (1840-1908) og dei ni borna deira.

Huset vart frå då av kalla Lillingstonheimen. Garden vart driven med paktar. Eigedomen vart overteken av tre av borna i 1909, og då den siste av desse, Edith Lillingston døydde i 1967, vart hovudhuset og hagen skilt frå resten av garden og gjort om til museum.

Far til Claude Lillingston jr..

Lillingstonheimen. Foto: Ottar Starheim,NRK

Lillingstonheimen. Foto: Ottar Starheim,NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.01.2009