Hopp til innhold
X
Innhald

Conrad M. Øvrebø

Conrad M. Øvrebø (1904-1989) frå garden Øvrebø. Pelsdyrpionér. Øvrebø var ein av dei første i Sogn og Fjordane som starta oppdrett av mink. Han reiste til Alaska i 1924, og der kom han i kontakt med folk som dreiv med mink.

Då han vende heim i 1929, hadde han med seg avlsdyr. Dette skal vere berre to år etter at dei første minkane vart innført til Noreg. Med avlsdyra som han hadde med frå Amerika, bygde han opp ein pelsfarm på Starefossen i Bergen.

I 1939 kjøpte han gard i Fyllingsdalen og bygde minkfarm der. Her heldt han til inntil Fyllingsdalen vart utbygd som drabantby. I 1971 flytta Conrad heim til Øvrebø og bygde pelsfarm der.

Conrad Øvrebø reiste fleire gonger til Amerika for å kjøpe livdyr, og var den første som innførte mutasjonsmink til Noreg. Han var fast domar på pelsdyrutstillingar og skreiv mange artiklar i fagblada til pelsdyrnæringa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.12.2009