Faktaboks

Bjørn Jonson Dale
Fødd
1952, Ålesund

Bjørn Jonson Dale er historikar og har skrive ei rekkje bygdebøker. Under pseudonymet Peter Brest publiserte han på slutten av 1980-talet tre romanar som tok på seg å avsløra uheldige koplingar og tette band mellom politikk og næringsliv i ein by som liknar Ålesund.

I den første av dei, Vrak og brak: røvarhistorie (1987) går han fram og tilbake mellom historiske dokument, fortidige hendingar og samtidig politikk, slik at både røvarhistorie, historisk roman og nøkkelroman kan brukast som merkelapp. At det handlar om Ålesund, går fram av eit godt fargefoto av byen på framsida. Han held fram i same blandingssjanger også i Ved siste ramnegal. Skuggeskrift (1988) og Napoleons nattspegel. fraktur (1989) der han brukar historiske hendingar som ironiske speglar for notida sjølv om referansane til samtidig politikk ikkje er så klåre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg