Hopp til innhold
X
Innhald

Claude Debussy

Achille-Claude Debussy, fransk komponist, sentral overgangsfigur mellom den romantiske og den moderne epoken gjennom bruken av nye klangar og harmoniar.

Claude Debussy var fødd i Saint-Germain-en-Laye 22. august 1862 og døydde i Paris 25. mars 1918. Han gjekk aldri på vanleg skule, men vart som tiåring teken opp ved konservatoriet i Paris, først for å studere piano, så komposisjon. 18 år gamal fekk han den første jobben sin, som pianolærar, og tok til å komponere regelmessig.
Etter mange år med bohemliv i Montmartre i 1890-åra, fekk Debussy sitt endelege gjennombrot i 1902, med premieren på operaen Pelléas et Mélisande, som trass i svært vekslande mottaking etablerte han som ein av dei fremste komponistane i Frankrike. Etter dette skreiv han dei fleste av dei beste verka sine, til dømes orkesterverka La Mer (1905) og Images (1913) og dei to bøkene med Préludes for piano, frå 1910 og 1913. Han arbeidde òg som musikkritikar og brukte den rolla til å fremje sin eigen estetikk og førebileta sine offentleg.
Han var gift to gonger, først med modellen Lilly Texier frå 1899, så med Emma Bardac, som han fekk dottera Claude-Emma med i 1905 og gifta seg med i 1908. Han døydde av endetarmskreft under det tyske åtaket våren 1918 og ligg gravlagd på Passy-gravplassen i Paris.
Komposisjonane hans er kjenneteikna av ikkje-vestlege skalaer, uvanlege klangar og uoppløyste dissonansar, eksemplifisert i det kanskje mest kjende verket hans, Prélude à l'après-midi d'un faune («Førespel til ein fauns ettermiddag») frå 1894. Musikken til Debussy vert ofte kalla impresjonistisk, men det er misvisande, og han sjølv identifiserte seg mykje meir med dei franske symbolistane.
Debussy la ein viktig del av grunnlaget for den første generasjonen av moderne komponistar, og nesten alle dei sentrale komponistane frå første halvdel av 1900-talet var påverka av han på ein eller annan måte. I 1884 vann han det prestisjetunge kunstnarstipendet Prix de Rome og vart utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen i 1903.
(Artikkelen held fram under biletet)
Claude Debussy, nekrolog 26.3.1918, dagen etter at Debussy døydde. Foto: Bradford Timeline, Flickr.com CC BY-NC 2.0
Claude Debussy, nekrolog 26.3.1918, dagen etter at Debussy døydde. Foto: Bradford Timeline, Flickr.com CC BY-NC 2.0
Bohem og symbolist
Etter at Debussy kom heim frå stipendopphaldet etter at han vann Prix de Rome, busette han seg med elskarinna Gabrielle Dupont i bohemstrøket Montmartre, der han budde gjennom heile 1890-åra. Han sleit økonomisk, men fann kunstnarleg fellesskap med dei symbolistiske kunstnarane, som han trefte på samlingane til Stephane Mallarmé, lyrikaren bak diktet «L'après-midi d'un faune», som Debussy bygde det vidkjende preludiet sitt på.
To musikalske opplevingar er viktige i desse første åra: I 1888 reiste han til Bayreuth for å høyre Wagner, og sjølv om han vart imponert, vart han òg medviten om at han sjølv ville gå i ei heilt annan retning. Seinare, på verdsutstillinga i 1889, fekk han høyre javanesisk gamelanmusikk, ein musikktype som skil seg mykje frå den konvensjonelle vestlege musikken. Denne opplevinga fekk stor innverknad på den estetiske utviklinga hans, noko eit av dei viktigaste verka frå perioden, Strykekvartett i G-moll (1893), ber preg av.
Kjendis og kritikar
Utover 1890-åra hadde Debussy stadig fått verk framførte i Paris, men fekk inga særleg merksemd utover sin eigen sirkel før premieren på operaen Pelléas et Mélisande i 1902, då han vart etablert som ein av dei fremste komponistane i landet nesten over natta. Maurice Maeterlinck sin draumeaktige, symbolistiske tekst var ideell for Debussy, som hadde leita lenge etter ein tekst som kunne vere grunnlag for ein opera med hans eigen estetikk. Pelléas et Mélisande vart straks eit viktig alternativ til Wagners mektige drama, som dominerte operaverda fullstendig i denne perioden.
Frå 1903 arbeidde Debussy som kritikar i tidsskriftet Gil Blas, der han brukte den nye statusen sin til å rose Jean-Philippe Rameau og den franske tradisjonen, som han meinte hadde vorte overskygd av dei dominerande tyskarane. Han heldt fram med å komponere, tok til å turnere som dirigent for sine eigne verk og vart verande ein dominerande figur i det franske kulturlivet resten av livet, idolisert av dei yngre komponistane.
Debussy i Noreg
Samanlikna med dei andre moderne komponistane vart Debussy tidleg rimeleg populær i Noreg, og musikken hans vart framført heile 330 gonger i perioden frå 1900 til 1940, mot til dømes 11 gonger for Arnold Schönberg og 32 for Igor Stravinskij. Den første konserten vart dirigert av nestoren Johan Halvorsen i desember 1906, med Edvard Grieg som entusiastisk tilhøyrar. Dei norske kritikarane, derimot, var i årevis heilt avvisande til Debussy, trass i eldfulle motinnlegg frå mellom andre komponisten Pauline Hall, og ikkje før rundt 1920 vart dei ny-franske komponistane tekne på alvor i musikkpressa.
Den første norske komponisten som var påverka av Debussy, var Alf Hurum, som alt i 1911 skreiv musikk tydeleg inspirert av den franske meisteren. Seinare vart David Monrad Johansen og Pauline Hall dei viktigaste vidareførarane av Debussy sine musikalske ideal i det norske musikklivet.
Kjelder
Donald Jay Grout mfl: A History of Western Music, Eight Edition. New York 2010
Rune Andersen: «Ny-franske komponister i norsk musikkliv 1900–1940. En resepsjonshistorisk introduksjon», Bulletin nr. 1 frå Norges musikkhistorie. Oslo 1997. Publisert på Internett: http://www.hf.uio.no/imv/forskning/prosjekter/norgesmusikk/bulletin/nummer1/ [lesedato 22.5.2014]
Rune Andersen: «Alf Hurum – den første norske impresjonist», i Arvid O. Vollsnes (red.): Norges musikkhistorie, bind 4. Publisert på Internett 5.9.2008: http://www.hf.uio.no/imv/forskning/prosjekter/norgesmusikk/musikkhistarkiv/originaltekster/alf_hurum.html [lesedato 22.5.2014]
François Lesure og Roy Howat: «Debussy, Claude», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/07353 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 22.5.2014]
Robert Orledge: «Debussy, Claude», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e1846 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 22.5.2014]

Først publisert: 28.10.2014
Sist oppdatert: 28.10.2014