Hopp til innhold
X
Innhald

Diogenes

Diogenes frå Sinope, ca 400–323 f.Kr. var ein gresk filosof og representant for den kyniske skulen. Læra hans var basert på eit ideal om absolutt fridom frå materielle behov. Han skal ha budd i ei tønne, utan andre eignelutar enn ein stokk, ei kappe og ein brødpose. Ingen av arbeida hans er tekne vare på, derimot ein del anekdotar: Då Aleksander den store besøkte han og spurde kva han kunne gjere for han, svarte han: "Gå til side så sola kan skine på meg."

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.03.2012
Sist oppdatert: 20.03.2012