Hopp til innhold
Dette er det einaste stadfesta fotografiet av Emily Dickinson.
Dette er det einaste stadfesta fotografiet av Emily Dickinson.
Emily Dickinson-samlinga, Armherst College CC-BY-NC
X
Innhald

Emily Dickinson

Emily Dickinson, amerikansk diktar. Dikta hennar har ofte mystisk innhald og tek for seg emne som døden og etterlivet, samstundes som biletspråket har rom for det kvardagslege. Ho er rekna som ein av dei viktigaste amerikanske diktarane gjennom tidene.

Emily Dickinson var fødd 10. desember 1830 i Amherst, Massachusetts og døydde same staden 15. mai 1886. Ho fekk ein grundig skulegang, først på Amherst Academy, og så på Mount Holyoke Female Seminary, der ho gjekk fram til ho var 18 år gamal. Det første diktet hennar som vart publisert, vart trykt i The Springfield Republican i 1852. I 1858 gjekk ho inn i ein svært produktiv periode, som varte fram til 1865, men berre ei handfull av desse dikta vart publiserte. Utover livet vart ho meir og meir folkesky, og frå slutten av 1860-åra levde ho nesten heilt isolert, berre saman med sine nærmaste i familieheimen Homestead.
 
Litteraturhistorisk er Emily Dickinson vanskeleg å setje i bås. Dei ofte svært stutte versa hennar teiknar opp slåande, eksplosive bilete med ein eineståande økonomi. Diktinga har spor av Ralph Waldo Emerson sin transcendentalisme, og i likskap med Walt Whitman bryt ho tradisjonelle normer for diktskriving, med ein eigenart både i form og innhald som skil henne kraftig frå alle andre samtidige poetar.
 
Det første utvalet av dikta hennar kom ut i 1890, fire år etter at ho døydde. Sjølv om denne samlinga fekk god mottaking, reagerte mange kritikarar på måten dikta braut med dei tradisjonelle krava til rim og rytme, og det var først med framveksten av modernismen etter den første verdskrigen at ein vidare litterær krins greidde å setje pris på krafta i versa hennar. Mottakinga vart òg påverka av ein langvarig konflikt mellom dei ulike personane som rådde over tekstane, og dessutan vanskane ein hadde med å redigere dei ofte forvirrande manuskripta hennar.
 
Livet i Amherst
Den kalvinistiske Dickinson-familien var sentral i Amherst lenge før Emily Dickinson vart fødd i 1830. Til å vere jente tidleg på 1800-talet fekk Emily ein eineståande god skulegang, noko som hang saman med familien sine tette band til det akademiske miljøet i byen. Som ungdom var ho blid og humoristisk og synte lite av den folkesky sida ho utvikla seinare i livet. Året hennar på Mount Holyoke-skulen var den lengste perioden ho nokon gong budde utanfor heimen.
 
Det strengt religiøse New England-samfunnet pregar dikta hennar. Nesten alle er skrivne i salmeversemål, og den bibelske og religiøse terminologien er sterkt til stades. Likevel kan dikta hennar aldri seiast å vere kristne, men følgjer si eiga form for overskridande spiritualitet, fri frå etablerte, religiøse doktrinar.
 
Dickinson var ein ivrig og skarp brevskrivar, og dei to viktigaste brevvenene hennar var svigerinna Susan, som fekk tilsendt over 250 dikt, og skribenten og presten Thomas W. Higginson, som ho skreiv med frå 1862 og heilt til ho døydde. Til han sende ho over 100 dikt.
 
Frå intens skriving til full avsperring
I 1855 kjøpte far til Dickinson attende huset Homestead, som var bygd av bestefaren, men seinare selt på grunn av dårleg økonomi. Her vart Dickinson buande livet ut. Om det var ei særskild hending rundt 1858 som utløyste den brå produktiviteten hennar, veit vi ikkje, men før ho fylte 35, hadde ho skrive over tusen dikt. Nokre få vart publiserte anonymt, ein del delte ho med utvalde vener og familiemedlemer, men dei fleste organiserte ho sjølv i små, bundne hefte som ho aldri synte til nokon.
 
I 1864–65 hadde ho to lange opphald i Cambridge, Massachusetts for å få behandling for ein augeskade. Det var dei siste lengre periodane ho budde utanfor heimen. Etter dette var ho sjeldan utanfor tomta til faren, men var oppteken med heimelivet der, særleg stellet av dei gamle foreldra, og diktinga, som heldt fram, om enn med lågare frekvens enn før.
 
Avsperra frå omverda hadde Dickinson likevel ei enorm livskraft og mykje energi, noko ho mellom anna skildra til Higginson i eit brev: «I find ecstasy in living – the mere sense of living is joy enough.» Ho var fleire gonger forelska i denne tida, mellom anna i den eldre dommaren Otis Lord, som ho hadde eit tett forhold til, utan at det nokon gong kom til giftarmål.
 
Oppdaging og ettermæle
Etter at Dickinson døydde i 1886, fann systera Lavinia samlinga med manuskript som var gøymd på rommet hennar. Ho vart overvelda av omfanget på diktinga til systera. Ho tok dei etter kvart med til Mabel Loomis Todd, som saman med Higginson redigerte det første Dickinson-utvalet, som kom ut i 1890. Snart oppstod det usemje mellom Dickinson-familien på eine sida og Todd på den andre, noko som stansa all utgiving i mange år.
 
I 1914 tok niesa til Dickinson, Martha, opp att utgivinga frå dei manuskripta familien framleis åtte, slik at i 1945 var dei fleste av dikta hennar publiserte, men aldri saman. Ikkje før i 1955 kom den første samla utgåva, ved Thomas Johnson, som i motsetnad til forgjengarane sine verken redigerte ordlyden eller den spesielle teiknsetjinga i Dickinson sine manuskript.
 
Med framveksten av modernismen og det frie verset vart Dickinson sin motvilje mot å la seg binde av konvensjonell rimstruktur sett på som grensesprengjande, og statusen hennar har stige gradvis til det aller øvste sjiktet av amerikanske poetar. Ho vert rekna som ein sentral forløpar for dei modernistiske diktarane, og ein viktig kritikar. Harold Bloom plasserer henne som ein av dei 26 fremste vestlege forfattarane gjennom tidene.
 
Dikta til Dickinson har vore utgitt fleire gonger på norsk, først i boka Mitt brev til verden (1977), ved Inger Hagerup og Sigmund Skard. Ei samla utgåve på norsk kom i 2009, omsett av Kurt Narvesen. Dickinson er inspirasjon for «Eg har tre dikt» av Olav H. Hauge, frå samlinga Dropar i Austavind.
 
Kjelder
Harold Bloom: The Western Canon. The books and school of the ages. New York 1995
Betsy Erkkila: «The Emily Dickinson wars», i W. Martin (red.): The Cambridge Companion to Emily Dickinson. Cambridge 2002
Ted Hughes: «Introduction», i E. Dickinson: Poems selected by Ted Hughes. London 2004
Sharon Leiter: Critical Companion to Emily Dickinson. New York 2007
Domhnall Mitchell: «Emily Dickinson in Norway», i D. Mitchell og M. Stuart (red.): The International Reception of Emily Dickinson. London 2009
Vivian R. Pollak and Marianne Noble: «Emily Dickinson. 1830–1886. A Brief Biography», i V. Pollak (red.): A historical guide to Emily Dickinson. Oxford 2004
 
Emily Dickinson Museum: «Emily Dickinson's Biography»: https://www.emilydickinsonmuseum.org/emily_biography [lesedato 2.9.2014]
Margaret Freeman: «Emily Dickinson: Poems», The Literary Encyclopedia, publisert 26.1.2005: http://www.litencyc.com/php/sworks.php?rec=true&UID=16700 [lesedato 28.10.2014] (tilgjengeleg med passord)
Margaret Freeman: «Emily Dickinson», The Literary Encyclopedia, publisert 11.1.2005: http://www.litencyc.com/php/speople.php?rec=true&UID=1259 [lesedato 28.10.2014] (tilgjengeleg med passord)

Først publisert: 28.01.2015
Sist oppdatert: 21.03.2017