Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Ophus Devold

Hallvard Ophus Devold, 1898–1957, var fangstmann, meteorolog og cand.oecon. 

På ein av ekspedisjonane sine heisa han det norske flagget i Myggbukta på Grønland og la Eirik Raudes Land under norsk herredøme i namnet til den norske kongen. Dette skjedde 27. juni 1931.

I 1925–26 var Devold styrar for meteorologi- og radiostasjonen på Jan Mayen, og han annekterte då øya på vegne av Noreg og Det norske meteorologiske instituttet. I 1932 var han med på ein mislukka ekspedisjon til Antarktis med Hjalmar Riiser-Larsen. Under den andre verdskrigen var han med i den franske framandlegionen. Devold skreiv boka Polarliv.

Hallvard Ophus Devold var bror av Finn Devold. 


Sist oppdatert: 12.12.2017