Faktaboks

Halvard Drægni
Halvard Johan Thomasson Drægni
Fødd
25. september 1869, Skjolden i Luster, Sogn og Fjordane
Død
22. oktober 1950, Skjolden i Luster
Verke
Fruktkonservesprodusent
Familie
Foreldre: Handelsmann og gardbrukar Thomas Johannesson Drægni (1831–1919) og Maria Hansdotter Bringe (1840–1927). Gift 2.2.1891 med Ingeborg Maria Thomasdotter Dalsøren (2.5.1868–13.11.1950), dotter til gardbrukar Thomas Klingenberg Thomasson Dalsøren (1834–1918) og Maria Eriksdotter Leirdalen (1835–91).

Halvard Drægni – “Saftkongen frå Sogn” – var sjølve pioneren i norsk fruktkonservesindustri. Drægni sitt industrieventyr starta med 10 tønner blåbær frå Nordfjord som han ved eit tilfelle kom over. Frå å vere ei binæring i beskjeden målestokk voks saft- og syltetøyproduksjonen, og allereie omkring 1910 var Drægni-produkta landskjende.

Halvard Drægni vart fødd i Skjolden i Luster som nummer fire i ein søskenflokk på 10. Begge foreldra var av bondeslekt. Faren hadde slått seg opp som landhandlar og postopnar i Skjolden inst i Lustrafjorden i Sogn. Vinteren 1884–85 gjekk Halvard Drægni på Sogndal Folkehøgskule. Etter avlagt svennebrev hjå bakar Martens i Bergen, budde han hjå soknepresten i Årdal, Jacob Jacobsen, vinteren 1887–88, der han fekk privatundervisning tilsvarande middelskulen.

Allereie som 21-åring vart Drægni forretningsmann. 1891 overtok han faren sin landhandel i Skjolden. Same år gifta han seg med Ingeborg Maria Dalsøren. Grunnen til at Halvard overtok forretninga skal ifølgje familietradisjonen vere at han og broren Johannes trekte lodd om kven av dei som skulle emigrere til Amerika og kven som skulle overta “Drægni-bui”. Resultatet vart amerikareise for broren. Etter det Drægni fortel i sine eigne upubliserte memoarar, var det ei påkjenning for ein ung mann å få eit slikt ansvar på seg. Konkurransen var hard, og den vanlege praksisen med handel på kreditt gjorde ikkje saka enklare. Dei få hundre kronene som han hadde i startkapital vart snart brukt opp. Lønsemda varierte mykje frå år til år, og først etter hundreårsskiftet kom han så pass over vatnet at han vart kvitt gjelda hjå kjøpmennene i Bergen. Då hadde han arbeidd seg opp til å verta blant dei største kjøpmennene i Sogn.

På ei forretningsreise til Kristiania og Bergen 1900 trefte han bergenskjøpmannen Riisøen, som han handla mykje med. Riisøen hadde same dag motteke 10 tønner med blåbær frå Nordfjord som han ikkje visste kva han skulle gjere med. Etter å ha konferert med kona si kjøpte Drægni heile partiet for 100 kroner. Dette vart starten på Halvard Drægni sin saft- og syltetøyproduksjon.

Steg for steg rydda han plass i marknaden for sine natursafter, med slagord som “Berre det beste er godt nok”. Målmannen Drægni kunne konstatere at dei såkalla “essens-saftene” som til nå hadde dominert marknaden, fekk merke brodden i hans notorisk vidgjetne slagord: “Alle spyr etter Drægnis safter”. M.a. kunne Drægni reklamere med at kongen sin kjøkkensjef hadde forlangt Drægni-saft til kroninga i Trondheim 1906. Gradvis gjekk heimeproduksjonen over til å verta fabrikkproduksjon.

Produkta dei første åra var utelukkande saft. 1901 vart produktspekteret auka til å omfatte safter frå bringebær, solbær, rips, kirsebær og tyttebær. 1905 starta ein opp med eplesyltetøy. Seinare kom andre produkt til: andre slag syltetøy, marmelade, hermetisk frukt, fruktvin og essensar.

I samband med at det vart bygd ein fabrikk lenger ute i fjorden, på Hermansverk i Leikanger kommune, vart firmaet A/S Halvard Drægni, Sogns Frugtkonservering registrert 1920, med ein aksjekapital på 600 000 kroner. Drægni sjølv sikra seg majoriteten av aksjane og vart administrerande direktør i selskapet. Samme år kom fabrikken på Hermansverk i produksjon, med eldstesonen Thomas som disponent og dottera Marie som “inspectrise”. Halvard Drægni sat som direktør i selskapet til han døydde.

Halvard Drægni var ein samfunnsengasjert mann som sette mange spor etter seg i Sogn. Han hadde ei rekkje offentlege og private ombod. Dei viktigaste var som ordførar i Luster kommune, styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og medlem i Statens arbeidsløysenemnd. Politisk sett tilhøyrde han den “radikale” delen av partiet Venstre. Han var i mange år Arbeidardemokratane sin fremste talsmann i Sogn og Fjordane. Eitt av Drægni sine viktigaste interessefelt utanom arbeidet, var samferdslespørsmål. Han var ei av drivkreftene bak opninga av Sognefjellsvegen mellom Luster og Lom 1938. Han var fråhaldsmann og aktiv i IOGT. Halvard Drægni fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1938.

Saman med kona Ingeborg Maria fekk han fem born. Halvard Drægni døydde 1950, 81 år gamal, i heimen sin i Skjolden.

Verker

  • A/S Halvard Drægni 1900–1925. Sogns frugtkonservering Skjolden og Hermansverk i Sogn, 1925
  • A/S Halvard Drægni 1900–1950, Bergen 1950

Upublisert materiale

  • Div. papir etter Halvard Drægni, i Dagfinn Drægni privatarkiv, Sogndal
  • Halvard Drægni: Mi Livssoge, upublisert manuskript, Skjolden ca. 1940–50, i Dagfinn Drægni privatarkiv, Sogndal

Kilder og litteratur

  • A/S Halvard Drægnis jubileumsskrift (sjå ovanfor)
  • Halvard Drægnis upubliserte papir (sjå ovanfor)
  • A. A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane,Flora 1950
  • L. E. Øyane: Gard- og ættesoge for Luster kommune,bd. 1: Fortun Sokn, Luster kommune, 1984
  • K. Risnes: “Eit eventyr i saft og syltety – og mannen bak”, i Systrendingen,nr. 2/1996
  • K. Risnes: “'Berre det beste er godt nok' (Halvard Drægni)”, i Systrendingen,nr. 1/1997
  • K. Risnes: “Samfunnsbyggjaren Halvard Drægni”, i Systrendingen,nr. 2/1997 og nr. 1/1998

Portretter m.m.

  • Måleri av Lars Osa, slutten av 1930–åra; p.e. (Dagfinn Drægni), Sogndal