Hopp til innhold
X
Innhald

Halvard Drægni

Halvard Johan Thomasson Drægni, bedriftsleiar. Han la grunnlaget for industriell saftproduksjon i Sogn og sette språklege spor etter seg i både næringsliv og politikk.

Drægni var fødd i Luster 25. september 1869 og døydde 22. oktober 1950. Etter eit år på Sogndal folkehøgskule 1884–85 og med bakgrunn frå farens varehandel utdanna han seg til bakar i Bergen. Frå 1891 til 1917 dreiv han forretninga til faren i Luster.
 
I 1900 tok han til med saftpressing. Verksemda blei aksjeselskap i 1919 med ny fabrikk på Hermansverk og utvida varetilbod.
 
Til tider har det påståtte slagordet «Alle spyr etter Drægnis safter» vore eit munnhell. Bakgrunnen er ganske sikkert annonsar frå om lag 1910 der selskapet brukte mottoet «Husmødrer – spyr etter Drægnis safter».
 
Frå 1920 var Drægni direktør i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Fire år seinare publiserte selskapet for første gong ruteheftet sitt på landsmål.
 
Drægni sat i Luster kommunestyre frå 1898, som ordførar 1911–22. På det første kommunestyremøtet som ordførar fekk han vedteke at møteboka skulle førast på landsmål.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 06.07.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013