Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Andrias Djurhuus

Hans Andrias Djurhuus var ein av dei mest populære diktarar på Færøyene

Hans Andrias Djurhuus, 1883–1951, var færøysk og ein av dei mest populære diktarar på Færøyene. Han debuterte med diktsamlinga Hin gamla søgan i 1905 og gav seinare ut mellom anna Sjómannsrímur (1925), Morgun- og kvøldsálmar (1934) og Undir viðum lofti (1934). Djurhuus skreiv òg skodespel, mellom andre Marita (1908) og Annika (1917), og eventyr, mellom andre Smásøgur og ævintýr (1922). Han skreiv òg barnesongar, Barnarímur (1914). På norsk finst Havet song (1936) i omsetjing av Peter Molaug.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2016
Sist oppdatert: 20.05.2016