Hopp til innhold
Foto: Grøn Ungdom
Foto: Grøn Ungdom
X
Innhald

Ingrid Ophaug Dahl

Ingrid Ophaug Dahl, student og tidlegare nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

Ingrid Ophaug Dahl er fødd 13. mars 1991 i Os i Hordaland. Ho gjekk på Os vidaregåande skule i 2007–10, har studert europastudiar ved Universitetet i Oslo og tek no lektorutdanning ved det same universitetet.
Ho har vore aktiv i Miljøpartiet Dei Grøne sidan 2012 og blei vald til nasjonal talsperson for Grøn Ungdom i 2013 saman med Hallvard Surlien (2012—14), og frå 2014 saman med Lage Nøst. Ho var andrekandidat til Stortinget ved valet i 2013 for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland.
Ophaug Dahl har klima, skule og språk som hjartesaker. Ho er oppteken av å finne gode løysingar på miljøutfordringane, rettvis handel, digitale rettar, byplanlegging og nedtrapping av oljeutvinninga. Ho meiner at det er dei som er unge no, som må ta konsekvensen av miljøpolitikken som blir ført. Ophaug Dahl er nynorskbrukar.
Kjelder
Om Ingrid Ophaug Dahl på nettsidene til Grøn Ungdom, mgd.no: http://www.mdg.no/kandidat/ingrid-ophaug-dahl/ [lesedato 15.9.2013]
Peikarar

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 12.03.2017