Hopp til innhold
X
Innhald

James Dewar

Sir James Dewar, 1842–1923, var britisk fysikar og kjemikar. Han var den første som avkjølte hydrogengass til flytande og fast form. Dewar konstruerte glaskar av dobbelte veggar med lufttomt mellomrom til transport av flytande luft, det vil seie forløparen for termosflaska.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011