Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Dyrrdal

Jon Dyrrdal, sosialøkonom og ungdomslagsorganisator. Han kombinerte ny økonomisk og sosiologisk innsikt med eit sterkt organisatorisk engasjement i norskdomsrørsla.

Dyrrdal var fødd 21. november 1894 i Kyrkjebø (no Høyanger) og døydde 25. november 1933. Han var på studieferd i Sør-Europa og Midtausten før han drog til USA, der han studerte sosialøkonomi. Nokre av inntrykka og refleksjonane frå studieferda oppsummerte han i småskriftet I skuggane fraa Versailles. Det arbeidslause Tyskland (1923).
I 1920-åra arbeidde Dyrrdal ei tid på Ford-fabrikken i Detroit. Dette danna bakgrunnen for pamfletten Fordismen. Moderne arbeidsproblem (1929), utgitt på Fram forlag (Mot Dag). Dette er eit tidleg oppgjer med «Ford-myten» og ein kritisk sosiologisk analyse av korleis moderne rasjonell industriell masseproduksjon verkar sløvande på arbeidarane.
Dyrrdal kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet i heimtraktene. Etter at han kom til Noreg att, vart han sekretær (1928–33) i det nyskipa Oslo Fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Her vart han ei drivande kraft, ikkje minst i det sosiale arbeidet til ungdomsrørsla i hovudstaden. Han fekk i gang hybelhuset «Heim for landsungdom» (Nordahl Bruns gate 22) og bygde med kommunal og statleg støtte opp «Sosialkontoret for landsungdom» til hjelp for ungdom som ville etablere seg i bygdene. Slik vart han både ein viktig organisatorisk og ideologisk modernisator i norskdomsrørsla i mellomkrigstida.
 
Kjelder
Oddmund L. Hoel: Norsk målreising, bd. 2: Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2010
Halldis Moren Vesaas: «Samvær med Jon Dyrrdal», i Viktor Krüger (red.): Oslo fylkeslag 1923–1953. Oslo 1953
Hermund Kleppa: «Minnestein over Jon Dyrrdal», i Kulturhistorisk leksikon, fylkesarkiv.no, publisert 2002, http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=5237 [lesedato 12.8.2011]

Først publisert: 12.08.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013