Hopp til innhold

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale, politikar og kjøtskjerar av yrke. Han var samferdselsminister 2018–2020, og var då den einaste nynorskbrukaren i regjeringa.

Jon Georg Dale er fødd i Volda 16. juni 1984. Han har bakgrunn frå lokalpolitikk og var den yngste som nokon gong er vald inn i formannskapet i Volda. Han har vore gruppeleiar for Framstegspartiet i Volda kommunestyre og har òg vore politisk nestleiar i både Møre og Romsdal FrP og i Møre og Romsdal FrPU. Ved valet i 2009 var han første varamann til Stortinget for FrP i Møre og Romsdal, og frå 2013 er han fast medlem.I perioden 2007–11 møtte han i fylkestinget. I 2010 flytte Dale til Oslo, då han fekk jobb som helsepolitisk rådgivar i stortingsgruppa til Framstegspartiet. 

Lokalt både i kommunestyret og i fylkestinget har han særleg interessert seg for samferdselspolitikk og helsepolitikk. Hausten 2013 vart han utnemnd til statssekretær for samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen og hausten 2014 vart han utnemnd som statssekretær i Finansdepartementet. 16. desember 2015 vart han utnemnd til landbruksminister i Solberg-regjeringa. Han var då den yngste medlemmen i regjeringa. Jon Georg Dale er den første statsråden frå Volda og den einaste nynorskbrukaren i regjeringa. Dale er vald inn på Stortinget for perioden 2017–2021. Han var samferdselsminister i Solberg- regjeringa 2018–2020, då Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa.

Dale er utdanna kjøtskjerar og har praksis frå fleire matvarebedrifter. Han har òg arbeidd på eit oppdrettsanlegg i eit par år. I fritida har han arbeidd mykje med trening av gjetarhundar, og han har vore fylkesmeister i Møre og Romsdal i bruk av gjetarhund. Sauehald har òg vore ei store interesse.

Dale fekk i 2017 Målprisen 2016 frå Volda Mållag for godt og viktig arbeid for bruk av dialekt og nynorsk skriftmål.

Kjelder

Notat frå Jon Georg Dale

Statssekretær Jon Georg Dale, regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dep/politisk_ledelse/statssekretar-jon-georg-dale.html?id=743022 [lesedato 21.1.2014]

Samferdselsdepartementet, regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nb/dep/sd.html?id=791 [lesedato 21.1.2014]

Pressemelding: Endringer i regjeringen, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2467606/ [lesedato 16.15.2015]

Først publisert: 21.03.2014
Sist oppdatert: 24.01.2020