Hopp til innhold
X
Innhald

Lillian Eltvik Dyrnes

Lillian Eltvik Dyrnes (f. 1946 i Ulsteinvik) er utdanna lærar og har budd i Mandal og Austrheim. Ho debuterte med barneboka Det hender alltid noko i 1981 og har seinare gjeve ut novellesamlinga God morgon, menneske (1983), romanen Mitt skip er lasta med (1986) og diktsamlinga Men eg ser hjartet (2014). 

Eltvik Dyrnes har også skrive sakprosa om kulturarbeid, eldreomsorg og bygdehistorie.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018