Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Ivar Drangeid

Magne Ivar Drangeid, førsteamanuensis og dr.art. i nordisk litteratur, med Alexander L. Kielland som særleg forskingsfelt.
Magne Ivar Drangeid er fødd 11. mai 1959 i Sola. Han har historie mellomfag og nordisk hovudfag, og i 2004 tok han dr.art.-graden i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. I 1998 fekk han stilling som stipendiat ved Høgskolen/Universitetet i Stavanger og har sidan vore tilsett der. No er han førsteamanuensis ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk.
I åra mellom 1986 og 1995 arbeidde Drangeid som journalist. I 1996 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen Ultramarin på Det Norske Samlaget, og han har seinare vore representert med noveller i ulike antologiar.
Doktoravhandlinga til Drangeid er publisert i bokform, med tittelen Humoristen og Don Quijote. Alexander L. Kiellands «Garman og Worse» som tragikomisk roman (2008). Kiellands roman blir lesen i lys av humor i form av «quijotisme», ein tragikomisk heroisme med røter tilbake til Cervantes og sekstenhundretalet. Drangeid viser at Kiellands idealistiske heltar møter røyndomen som samtidsutgåver av Don Quijote.
I artiklar om Kielland har Drangeid nylese Kielland mellom anna med vekt på darwinisme og ein litterær kompleksitet som ofte er blitt oversedd i klassisk realisme. Han er redaktør for antologien Kielland i Europa (2008). Drangeid har arbeidd med nautisk litteratur og barnelitteratur, og forskar no mest på kritisk kulturell literacy.
Kjelder
E-post frå Magne Drangeid 22. mars 2010
«Skriv om humoren i Garman & Worse», uis.no, sist oppdatert 24.11.2008, http://www.uis.no/nyheter/article12352-12.html [lesedato 26.09.2010]
Peikarar

Først publisert: 16.09.2010
Sist oppdatert: 11.04.2018