Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Dagestad

Magnus Dagestad, treskjerar og skulestyrar. Han arbeidde for ein norsk riksstil, som han kalla det, ein brukskunst og ein prydkunst som bygde på det beste i den norske folkekunsten frå mellomalderen.

Magnus Dagestad var fødd på Voss 13. august 1865 og døydde der 2. april 1957. Han var fire år i lære hos Lars Kinsarvik og arbeidde seinare som treskjerar i Bergen. I 1889 fekk han bronsemedalje for utskorne møblar på ei utstilling i Paris, og i 1893 gjorde han stor lukke på verdsutstillinga i Chicago med utvalde arbeid i den såkalla drakestilen.
 
Saman med den første kona si, rosemålaren Helena Bu, dreiv han snikkar- og treskjerarskule på Voss frå 1905 til 1913.
 
I samarbeid med Hordaland Ungdomslag grunnla Magnus Dagestad i 1920 Norsk Kunsthandverksskule på Voss, og han var styrar for skulen til han gjekk av i 1935. Skulen vart heile tida driven i samsvar med grunnsynet til Dagestad.
 
Dagestad var ein allsidig kunstnar, mellom anna var han ein dugande felespelar og felebyggjar. Han har også teikna mange ungdomshus på Vestlandet. På 85-årsdagen sin, i 1950, opna han eige museum med utstillingar av kunsthandverk og teikningar. Etterkomarane hans har seinare utvida museet og drive det vidare.
 
Kjelder
Aslak T. Helleve: Magnus Dagestad 1865–1957. Voss 1991
Valevatn m.fl.: Norsk Kunsthandverkskule 50 år. Voss 1970

Først publisert: 23.11.2009
Sist oppdatert: 14.05.2012