Hopp til innhold
X
Innhald

Émile Durkheim

Émile Durkheim, 1958–1917, var fransk sosiolog og professor ved Sorbonne frå 1902. Han bygde på Comtes positivisme og var ein av grunnleggjarane av moderne sosiologi. Han er særleg kjend for studien om sjølvmord, Le Suicide (1897, norsk utgåve 1978).
Ein grunntanke hos Durkheim er å forstå menneskeleg samhald og sosial integrasjon og kvifor samhald kan svikte og samfunn desintegrere. Durkheim gav òg viktige bidrag til ein sosiologisk teori om kriminalitet og rettsvesen og om religion som sosial institusjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012