Hopp til innhold
X
Innhald

Émile Durkheim

Émile Durkheim, fransk professor i samfunnsfag og pedagogikk, seinare også sosiologi. Han studerte korleis den framstormande moderniteten oppløyste tradisjonelle livsformer, og forklarte kvifor samfunnet heng i hop.

David Émile Durkheim var fødd i Épinal i Nord-Frankrike 15. april 1858 og døydde i Paris 15. november 1917. Han tok doktorgraden i filosofi i 1882, var professor i pedagogikk og sosialvitskap ved universitetet i Bordeaux frå 1887 og ved Sorbonne-universitetet i Paris frå 1906. I 1913 vart han utnemnd til professor i sosiologi. Han starta L’Année Sociologique, det første statsvitskaplege tidsskriftet i Frankrike, i 1898, og var ansvarleg redaktør til 1913.

Hovudtemaet i forskinga hans var å kartleggje dei integrerande kreftene i samfunnet. I Om den sosiale arbeidsdeling (1893) slår han fast at alle samfunn har ei form for solidaritet, som er naudsynt for å halde gruppa samla. I tradisjonelle samfunn lever folk likearta liv, og samhaldet byggjer på likskap. I moderne samfunn lever folk ulike liv, og samhaldet byggjer på arbeidsdeling og at dei er gjensidig avhengige av kvarandre. Moderniteten fristiller menneska frå tradisjonelle normer, men i Selvmordet (1897) viser han at mangel på gruppetilhøyrsel gjer menneska sårbare. Han finn at protestantar har langt høgare sjølvmordstal enn katolikkar. Forklaringa, seier han, ligg i katolikkane sin sterke fellesskapskultur, som vernar mot åleinegang.

Durkheim var ein klassisk sosiolog, var oppteken av dei store samanhengane i samfunnet, og var ein føregangsmann i bruk av statistikk. Han var med på å gjere sosiologien til ein sjølvstendig vitskap og vart sjølv den første professoren i faget. 

Kvifor samfunnet heng saman

Moderniteten markerte eit gjennomgripande tidsskilje, og Durkheim spør seg kva dei politiske og økonomiske omveltingane har å seie for samfunnssolidariteten. Svara finn han verken i den individorienterte psykologien eller i den teoretiske filosofien, men i sosiologien, som ser menneskeleg åtferd som samfunnsskapt.

Opplysningstida hadde sådd ideen om det sjølvstendige individet, og industrialiseringa gjorde at folk flytta til byane, utan å finne ei erstatning for det sosiale limet som hadde halde bondesamfunnet saman. Moderniteten gjorde at menneska stod meir åleine. Durkheim vil forstå kva som gjer menneska sterke og samfunnet solid. Svaret hans er solidaritet. Utan sterke band til større grupper kan samfunnsveven rakne.

Han postulerer to hovudtypar av solidaritet. I førmoderne samfunn var folk bundne til dei same livsvilkåra og det same idéuniverset. Individet hadde knapt nokon plass. Det var gruppa som var viktig, og brot på gruppa sine normer vart straffa hardt. Durkheim kallar samhaldet mekanisk solidaritet, som er sterk og statisk.

Den andre forma for solidaritet kom med arbeidsdelinga. Industriarbeidaren er avhengig av andre for å skaffe seg det han treng, og Durkheim hevdar at dette er grunnlaget for ein ny type solidaritet, den organiske. Denne solidariteten er dynamisk, ved at han stimulerer til gruppesolidaritet på tvers av tru, fødestad og familieband, og han skaper tillit i storsamfunnet. 

Sjølvmordet

Brå samfunnsendringar røskar opp den tilvande ordenen så radikalt at det ifølgje Durkheim skaper anomi, eit normvakuum der tradisjonelle normer er utdaterte, utan at dei er erstatta av nye. Den uavklarte tilstanden gjer at mange mistar fotfeste i tilværet.

I Selvmordet (1897) studerer han omfanget av sjølvmord i ulike grupper ved hjelp av statistikk. Han finn at gifte sjeldnare tek livet sitt enn ugifte, og at det er markerte skilnader i sjølvmordstal mellom det katolske Sør-Europa og det protestantiske Nord-Europa. Den same skilnaden kjem til synes i tyske delstatar med både katolikkar og protestantar. Det er protestantar som oftast tek livet av seg. Durkheim si forklaring er at katolisismen, med sine fellesskapsritual og autoritative bibeltolkingar, har ei sterkare integrerande kraft enn den individorienterte protestantismen. Menneske utan forpliktande nettverk, konkluderer han, har større risiko for sjølvmord. 

Religion

Durkheim definerer samfunnet som summen av tru og tenkjemåtar, som formar folk utan at dei er klar over det. Han slår fast at dei abstrakte normene er sosiale fakta, like reelle som naturvitskapen sine objektive fakta, og at dei er sosiologien sitt primære forskingsfelt.

I Det religiøse livs elementære former (1912) hevdar han at religion og kriminalitet er sosiale fakta som er skapte for å tene samfunnet. Kjernen i all religion er behovet for ein ytre autoritet som stadfestar gjeldande verdiar. Når menneska tek del i religiøse ritar, er det eigentleg gruppa dei tilber. Kriminalitet og straff er reaksjonar med samfunnsbyggjande formål. Å straffe normbrytarar styrkjer fellesskapen til dei lovlydige. Samtidig viser normbrot at det finst andre måtar å leve på. Det kan motverke sosial stagnasjon.

Faget sosiologi

Durkheim meinte at det som kjenneteiknar sosiologien som fag, er metodane som faget nyttar. Han ivra for sosiologien som empirisk vitskap, og dei statistiske analysane hans i Selvmordet har medverka til å gjere kvantitative undersøkingar til ein berande metode i sosiologien.

Eit sentralt innslag i Durkheim sitt samfunnssyn er at gjeldande normer og institusjonar bidreg til sosial integrasjon, og dermed tener ein større heilskap. Dette perspektivet vart reindyrka i den funksjonalistiske sosiologien, som framhevar at samfunnet har dei institusjonane dei har, fordi dei er gunstige for heilskapen. Retninga var særleg utbreidd i USA. Andre kritiserte funksjonalismen for å vere harmoniorientert og for å oversjå maktforholda i samfunnet. Dei forfekta i staden eit konfliktperspektiv, ei retning som stod sterkt i europeisk sosiologi etter siste verdskrigen.

I det 21. hundreåret er Durkheim sine teoriar om modernitet og integrasjon framleis relevante i samfunnsforskinga.

 

Kjelder

Tor Claussen: Klassisk blikk på fortiden, samtiden, fremtiden. Trondheim 2013

Dag Østerberg: Emile Durkheims samfunnslære. Oslo 2012

 

Matthias Koenig ofl.: «Durkheim lesen!», soziopolis.de: https://soziopolis.de/erinnern/jubilaeen/artikel/durkheim-lesen/ [lesedato 20.10.2018]

Petter Nafstad: Europeisk filosofi. Med retninger innenfor nyere sosialfilosofi. Oslo 1996. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/639156b3c4cf053dd179f0be468a1c87?index=9#1 [lesedato 20.10.2018]

 

Peikarar

«Sosiology – Émile Durkheim», youtube.com, engelsk tale, 7 minutt

Først publisert: 14.03.2019
Sist oppdatert: 15.11.2019