Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Odd Einar Dørum

Odd Einar Dørum, sosionom, profilert politikar, tidlegare leiar av partiet Venstre og stortingsrepresentant for Venstre frå Sør-Trøndelag og seinare Oslo i til saman 16 år. Han har vore statsråd i to regjeringar.

Odd Einar Dørum er fødd 12. oktober 1943 i Oslo og voks opp i Trondheim. Han tok realskule og examen artium ved Trondheim Katedralskole i 1957–59 og 1962, historie mellomfag ved Norges Lærerhøgskole (no NTNU) i Trondheim i 1963–65 og sosialhøgskulen i Trondheim i 1967–70. Han var stipendiat ved sosialhøgskulen og tok vidareutdanning som gav høgskulelektorkompetanse i 1972–77, dei to siste åra arbeidde han som høgskulelektor. Han var helse- og sosialfagleg konsulent og seksjonssjef ved Kirkens Bymisjon i 1986–96. Sidan 1980-åra har han vore partileiar, minister eller stortingsrepresentant for Venstre og er no pensjonist.
Dørum var nestleiar i Norges Unge Venstre i 1964–65 og leiar i 1970–72, i tillegg til fleire verv i ungdomsorganisasjonen. Han var representant for Venstre i Trondheim bystyre i 1967–71 og 1976–79, leiar av Trondheim Venstre i 1974–78 og representant i Oslo bystyre i 1995–99 og frå 2011. To gonger har han vore partileiar, i 1982–86 og i 1992–96. Dørum var stortingsrepresentant for Venstre frå Sør-Trøndelag i 1977–81 og frå Oslo i 1997–2009.
I 1997–99 og 1999–2000 var han samferdselsminister og deretter justisminister i Bondevik 1-regjeringa, og han var justisminister i Bondevik 2-regjeringa i 2001–05. Dørum er ein totalengasjert og heildekkjande politikar og har mellom anna arbeidd med miljøspørsmål, førebygging av kriminalitet og mot norsk EF-medlemsskap. Han var ein svært sentral ungdomspolitikar i Folkebevegelsen mot EF i 1970–72.
Dørum har gitt ut fleire bøker, mellom anna sjølvbiografiane Med liv og sjel. Memoarer (1999), saman med Randi Gerd Øverland, og Ombudsmann på jobb (2008) i samtale med Marit Meyer.
Han har hatt ei lang rekkje offentlege verv og tillitsverv. Dørum var leiar av Norges Velforbund i 1986–1989, KIM (kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene) i 1990–97, leiar av FRISAM og medlem av Oslo Bispedømeråd og Kyrkjemøtet i 1994–97 og president i Én Verden frå 2010. Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 2004.
Kjelder
Odd Einar Dørum, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ODD_O [lesedato 13.11.2012]
Omtale av Odd Einar Dørum på venstre.no: http://www.venstre.no/politiker/oddeinardorum [lesedato 13.11.2012]
Andreas Hompland sin utdjupingsartikkel om Odd Einar Dørum på snl.no: http://snl.no/.nbl_biografi/Odd_Einar_D%C3%B8rum/utdypning [lesedato 13.11.2012]
Peikarar

Først publisert: 07.05.2013
Sist oppdatert: 23.05.2013