
Olav Duun
Olav Duun, forfattar. Ein av dei fremste norske forfattarane og språkkunstnarane. Hovudverket Juvikfolke er på seks band.
Olav Julius (døypt Ole) Duun var fødd på øya Jøa i Fosnes kommune 21. november 1876 og døydde i Tønsberg 13. september 1939. Av åtte sysken døydde tre unge, og det var alvor og streng religiøsitet heime. Begge foreldra kom med i frikyrkja, som Duun kjende seg heimlaus i. Han var med i det frilynde ungdomslaget på Jøa og publiserte dei første tekstane sine i ungdomslagsbladet Forsøget.
Han arbeidde på garden og var med på fiske til han var 25 år. I 1901 tok han til som elev ved Levanger lærarskule, og han tok den høgare lærarprøva i 1904. Skuleåret 1904–05 var han lærar ved Sakshaug skule på Inderøya, og dei neste tre åra var han lærar i Singsås i Gauldalen. Frå 1908 var han lærar ved Ramberg skule i Botne, i dag Holmestrand. Her budde han resten av livet.
Ved lærarskulen hadde han forfattaren Vetle Vislie som norsklærar og tok til å skrive landsmål, som vart forfattarspråket hans frå debuten i 1907 med novellesamlinga Løglege skruvar og anna folk («soger» er hans eiga tidlege nemning på stuttare stykke på prosa). Han gav i alt ut 35 romanar, fire novellesamlingar og to barnebøker. Hovudverket hans er Juvikfolke, ein serie på seks band (1918–23). Andre viktige bøker er Medmenneske (1929) og Menneske og maktene (1938).
Duun hadde diktarløn frå 1923. I 1937 fekk han den tyske Henrik Steffens-prisen. Huset han budde i, er i dag Duun-museum.
Romanforfattaren
Først og fremst er Duun altså romanforfattar. Den første romanen hans, Marjane, kom i 1908. Handlinga i romanane lèt seg lokalisere til Duuns heimtrakter, og språket er overrisla av trøndsk målføre, særleg i replikkane, og reint allment er Duun ein språkkunstnar av rang. Den dialektfarga namdalsnynorsken er ikkje berre eit kjenneteikn, men òg litt av forklaringa på at han vert oppfatta som vanskeleg.
Frå første stund er levande, rike naturskildringar eit varemerke hos han, og jamvel i tidlege romanar gjer diktaren si makelause psykologiske innsikt menneskeskildringa spennande, særleg er han ein meister i å framstille kor samansette erotiske konfliktar kan vere, til dømes i dobbelromanen Nøkksjølia (1910) og Sigyn (1913), og i På Lyngsøya (1917).
I Det gode samvitet (1917) skildrar Duun personar frå og konflikt mellom tre generasjonar og viser endringar i tru og moral frå generasjon til generasjon. Dette er sentraltematikken i romanserien Juvikfolke, ein slags ættesaga om seks generasjonar frå Duuns heimegrender, og her er det både moralske og psykologiske spenningar. Dei tre første romanane dekkjer tre generasjonar, dei tre siste, I eventyre (1921), I ungdommen (1922) og I stormen (1923), har ein samlande hovudperson, Odin, som nesten er ein mytologisk figur i norsk litteratur. Han går frivillig i døden for fienden sin, den vonde og sleske Lauris.
Romanserien gjorde Olav Duun aktuell som nobelpriskandidat, og det var framlegg om han 13 år på rad. Han måtte nøye seg med den tyske Henrik Steffens-prisen, som han tok imot ved Universitetet i Hamburg i 1937. I ettertid har somme framstilt dette som ein tvitydig heider, utan at det er nokon grunn til å laste Duun for nazistiske sympatiar. Men utanfor Noreg var det særleg i Tyskland han fekk mange lesarar. Elles er delar av diktinga hans omsett til ti europeiske språk.
Etter Juvikfolke gav Duun ut ti romanar og to band med kortare tekstar. Særleg mange lesarar har Medmenneske (1929) fått, den første boka i ein serie på tre om Ragnhild og Håkon og huslyden deira. Ragnhild er den lyse og elskverdige kvinna som kjem til å ta livet av svigerfaren sin, Didrik, med ei øks. Fundamentale etiske spørsmål om vondt og godt vert tematiserte i denne romanserien. Medmenneske er dramatisert, og det er laga fjernsynsserie av trebandsverket. Dramatisert er også «kriminalromanen» Ettermæle (1932), og grunnleggjande etiske og eksistensielle spørsmål fører Duun vidare i Samtid (1936) og Menneske og maktene (1938).
Kjelder
Heming Gujord: Olav Duun. Sjøtrønder. Forteller. Oslo 2007
Otto Hageberg: Forboden kjærleik: spenningsmønster i Olav Duuns dikting. Oslo 1996
Otto Hageberg: Olav Duun: biografiske og litteraturhistoriske streiflys. Oslo 1996
Otto Hageberg: «Olav Duun», Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000
Vidare lesing
Birkeland, Bjarte: Olav Duuns soger og forteljingar: forteljekunst og tematikk, 1976
Dalgard, Olav, red.: Olav Duun : ei bok til 100-årsjubileet, 1976
Fetveit, Leiv: Juvikfolke og tradisjonen, 1979
Fløttum, Sivert: Olav Duun : dikteren på Rambergfjellet, 2003
Gujord, Heming: Olav Duun : sjøtrønder, forteller, 2007
Hageberg, Otto: Forboden kjærleik: spenningsmønster i Olav Duuns dikting, 1996
Hageberg, Otto: Olav Duun : biografiske og litteraturhistoriske streiflys, 1996
Haukaas, Kaare: Olav Duun og bøkene hans : ein bibliografi, 1954
Høystad, Ole Martin: Odin i Juvikfolke : O.D.s språk og menneskesyn, 1987
Johnson, Pål Espolin: Mennesket i motgang: en innfallsport til Olav Duuns diktning, 1973
NBL 2. utg.
Svensen, Åsfrid: Mellom Juvika og Øyvære: tre artikler om Olav Duuns romaner, 1978
Sæteren, Asbjørn: En dikter og hans stil, 1953
Sæteren, Asbjørn: Mennesket og samfunnet: en motivundersøkelse innenfor O.D.s diktning, 1956
Thesen, Rolv: Mennesket og maktene : Olav Duuns dikting i vokster og fullending, rev. utg., 1945
Tveterås, Alf m.fl.: Seks unge om Olav Duun, 1950
Vannebo, Einar: "Duun-bibliografi". Norskrift, nr. 63 (1990), 109-22
Zumsteg, Hans Joerg: O.D.s Medmenneske-Trilogie, 1984
Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne
Sist oppdatert: 13.09.2019