Hopp til innhold
Ørjan Drange
Ørjan Drange
Foto: Herborg Pedersen, Det Norske Samlaget. Nytta etter avvtale med forlaget.
X
Innhald

Ørjan Drange

Ørjan Drange debuterte i 2003 med ein av dei få reindyrka sciencefictionromanane som har kome på nynorsk.

Ørjan Drange er fødd 11. juni 1978 i Bergen og voks opp på Sand i Ryfylke. Etter at han var ferdig på vidaregåande, gjekk han eitt år på folkehøgskule, på skrivekunstlina ved Nansenskolen på Lillehammer. Etter militærtenesta studerte han i to år ved Universitetet i Bergen, der han tok historie grunnfag og nokre mindre fag. Sidan 2004 har han arbeidd som assistent for utviklingshemma i Bergen kommune.
 
Under steinbølgene er Drange sin hittil einaste roman. I boka møter lesaren eit oppdikta og nitid gjennomført univers, der eit telepatisk nettverk rår over menneska. Dei to unge mennene Munder og Ikar, som vi følgjer som eg-personar i to parallelle handlingar, kastar lys og skugge over kvarandre. Ikar og Munder lever i teneste for «Sjeleveven», samstundes som dei òg utviklar seg utanfor denne «veven» sin kontroll.
 
Drange har elles hatt eit par kortprosatekstar på trykk i det litterære tidsskriftet Ratatosk.
 
Kjelder
Samtale med Ørjan Drange
 
Bokmelding i Dagbladet 04.04.2004, http://www.dagbladet.no/kultur/2004/04/04/395087.html [lesedato 13.04.2010]
 
Peikarar
Bergen offentlige bibliotek, intervju med Ørjan Drange

Først publisert: 13.04.2010
Sist oppdatert: 11.04.2018