Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Dybvad

Øyvind Dybvad, redaktør Norsk Barneblad. Det var han som skreiv manuskripta til dei nynorske teikneseriane i dei åra då desse blei folkeeige.

Dybvad blei fødd i Stjørdal 3. februar 1908 og døydde 12. desember 1989.
Han var elev ved Kavaleriets Underoffisersskole 1925-30. I 1930-åra var han altmoglegmann ved Gressholmen Sjøflyhavn, den einaste flyplassen i Oslo til Fornebu opna i 1939. Han var oppsynsmann ved Gressholmen i 1940-åra.
 
Dybvard arbeidde i Norsk Barneblad frå 1941. Han var medredaktør frå 1949 saman med Andreas Haavoll til dei to rauk uklar om opphavsrettar i 1954.
 
Han skreiv tekstane til teikneseriane Smørbukk 1939–54 og 1980–83, Tuss og Troll 1941–54, Peik 1955–60, og Bamsemann 1956–58 og 1964–79.
 
Dybvad var mykje med i organisasjonsarbeidet til særleg Trønderlaget, var i fleire periodar formann i Bondeungdomslaget i Oslo og æresmedlem i Noregs Mållag.
Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1986.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013