Hopp til innhold
 Petter Dass. Foto: Trondheim byarkiv, flickr.com
Petter Dass. Foto: Trondheim byarkiv, flickr.com
X
Innhald

Petter Dass

Petter Dass, 1647–1707, var diktar og sokneprest i Alstahaug i Nordland frå 1689. I 1683 gav han ut Den nordske Dale-viise, ein forløpar til hovudverket Nordlands Trompet, eit breitt dikt om menneske og natur i landsdelen, som først vart gitt ut i 1739. Verket er karakterisert som barokt frodig med stort tilfang av særnorske ord og norsk syntaks, og det har hatt mykje å seie for seinare norsk litteratur.
 
Den religiøse diktinga hans er samla i fire verk, mellom anna Katechismus-Sange frå 1715 og Alle Evangelia Sangviis forfattet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013