Hopp til innhold
Reidar Djupedal. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
Reidar Djupedal. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Reidar Djupedal

Reidar Djupedal, kulturhistorikar og språkforskar. Med sine grunnleggjande studiar var han ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet. 

Djupedal var fødd i Selje 22. mars 1921 og døydde 29. juli 1989. Han var student ved Universitetet i Oslo under den tyske okkupasjonen og blei hausten 1943 send til Buchenwald. Han blei cand.philol. i 1950 med den omfattande og uprenta avhandlinga Noko om Ivar Aasen i åra 1840–60. Djupedal var norsk sendelektor i København 1951–56 og stipendiat 1956–62 før han blei dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Frå 1969 var han professor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim, der han også var prorektor 1972–75.

Sjenerøs overfor andre, grundig kjeldearbeid og stilsikker språkføring prega arbeidet hans som forskar og formidlar. Han publiserte mange bøker og fleire hundre artiklar på høgt fagleg nivå. I skriftene sine la han særleg vekt på idé- og kulturhistoriske perspektiv, og til grunn for mange av studiane låg tradisjonsmateriale han sjølv hadde samla inn.

Dette gjorde han til ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet. Studiane hans er framleis fagleg aktuelle og relevante og i mange samanhengar enno grunnleggjande. Han tilførte også norsk lokalhistorie mykje kunnskap og forma skrifter som blei føredøme for andre.

Han var også den fremste kjennaren av Ivar Aasens liv og verk i si tid, gav ut Brev og dagbøker av Ivar Aasen i tre band 1957–60 med makelaust presise merknader som gjer verket til eit kulturhistorisk kjeldeskrift om norsk målreising på 1800-talet. I åra 1970–73 gav han ut A.O. Vinjes Dølen i faksimile i fire band, også her med grundige notar og register.

Han var medlem av Norsk språknemnd 1965–70 og i Norsk språkråd 1972–80.

I 1987 testamenterte den store boksamlinga si til Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Det viste seg å utgjere meir enn 200 hyllemeter og 35 000 skrifter.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 01.05.2009
Sist oppdatert: 22.02.2018