Faktaboks

Signe Kristin Djuve
Fødd
29. august 1960, Molde
Død
27. juni 2018, Åsnes Finnskog
Levetidskommentar
Oppvokst på Otrøya i Romsdalen

Signe Kristin Djuve var ein norsk lyrikar og pedagog. Både i dikta og i fagtekstane sine skildra ho korleis menneske ofte kjem til kort når det gjeld å nå fram til kvarandre.

Bakgrunn

Djuve arbeidde først og fremst i skuleverket heile det yrkesaktive livet, som faglærar og spesialpedagog i skulen og i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). I 1999 leverte ho ei hovudfagsoppgåve i pedagogikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Avhandlinga tok for seg emne som integrasjon og tilpassing.

Forfattarskap

Som lyrikar debuterte ho i 1983 på Det Norske Samlaget med diktsamlinga På den andre sida. I desse dikta var det viktig å syne korleis vi menneske formidlar kjensler og ofte mislukkast i å nå fram med formidlinga. I 1986 kom Sakte kino. Med korthoggen poesi skildrar ho her einsemd, uro og skjøre relasjonar.

I 1992 gav ho ut diktsamlinga Gjennom sommaren. Dikt for barn. Boka er illustrert av Ingrid Jangaard Ousland. Undertittelen spesifiserte at dette var dikt for barn, men dikta appellerer kanskje vel så mykje til vaksne – gjennom vare, nostalgiske tilbakeblikk til ein varm sommar med snille besteforeldre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg