Hopp til innhold
Foto: HiHat Management
Foto: HiHat Management
X
Innhald

Sigvart Dagsland

Sigvart Dagsland, vokalist, komponist og tekstforfattar. Iøyrefallande melodiar framførte på stavangerdialekt har vorte eit varemerke for Dagsland, men musikken hans har eit vidt spekter – frå høgtidelege salmar til laussleppt humor.

Dagsland er fødd 18. oktober 1963 i Stavanger og er busett i Bergen. Han har storfag i jus og grunnfag i nordisk ved Universitetet i Bergen. Den musikalske karrieren starta han som 11-åring i Stavanger Domkor, og seinare har han vorte ein populær songartist. Sidan 1985 har han gitt ut femten soloalbum og halde eit utal konsertar. Han har òg kora og skrive musikk for ei rekkje andre artistar. I 1991 fekk han spelemannsprisen i klassen pop for albumet «Alt eg såg». Dagsland har selt meir enn 250 000 plater berre i Noreg.
Frå domkyrkje til popsuksess
Dagsland voks opp på Stokka i Stavanger. I barndommen fekk han pianoundervisning og spela då mykje klassiske stykke. Seinare satsa han først og fremst på songtalentet sitt. Han song både i Stavanger Domkor og Sentralkoret for stavangerskulane (Sky Sing), før han i 1980 starta sitt eige band, Tor og Liv. Dei gav ut ein demo som gjorde at han vart oppdaga av tekstforfattar og produsent Erik Hillestad i plateselskapet Kirkelig Kulturverksted. I 1982 debuterte han i det kontroversielle musikalprosjektet «Dans med oss, Gud», som mellom anna handla om ungdommelege synder og alkohol, og som provoserte mange konservative kristne.
Dagsland viste tidleg ein velutvikla sans for humor. Då debutplata fekk ei blanda mottaking, uttala han at dei som ikkje likte plata, kunne bruke henne som frisbee. Frå 1982 til 1984 arbeidde han saman med Per Inge Torkelsen, Steinar Lyse og Arnfinn Baardsen i revygruppa Løgnaslaget, og dei gav ut to album og spela ein revy. Men i 1984 gjekk han tilbake til Kirkelig Kulturverksted for å starte som soloartist. Året etter debuterte han med albumet «Joker». Samarbeidet med Hillestad har resultert i ti album. Dagsland har gitt ut fem til på andre plateselskap. I 2002 var han med på juleplata «Det skjedde i de dager» saman med Oslo Gospel Choir og prinsesse Märtha Louise. Albumet selde trippel platina (120 000) i Noreg, og konsertturneen hadde eit publikum på 55 000.
Allsidig musikkstil
Den melodiøse poprocksjangeren og balladane har vorte Dagsland sitt varemerke, men samstundes er musikken hans meir enn dette. På det tredje albumet, «Seculum Seculi», hentar han inspirasjon både frå gregoriansk munkesong og frå folkemusikk frå Austen, samtidig som han står trygt i den vestlege musikktradisjonen. «Stup» (1994) vart spela inn i Argentina, og både norske og argentinske musikarar var med, mellom anna Knut Reiersrud og Nestor Marconi. På plata «Det er makt i de foldede hender» (1995) syng han salmar, og denne plata vart spela inn i Avaldsnes kyrkje saman med jazzmusikarane Iver Kleive, Ole Edvard Antonsen og Terje Rypdal. Året etter laga han konsertplata «Laiv» i samarbeid med Stavanger Symfoniorkester. Dagsland syng for det meste på norsk, eit unntak finn vi på albumet «Soul Ballads» (2001). På plata «Underlig frihet» (2004) syng han duett med kona, musikaren Karoline Krüger.
Sosialt engasjement
Sommaren 1985 var Dagsland deltakar i plateprosjektet «From all of us», der inntektene gjekk til dei svoltramma i Afrika. Videoen om dette prosjektet vart vist under Live Aid-konserten som vart direktesendt på fjernsyn over heile verda 13. juli 1985. Hausten 1987 song Dagsland duett saman med Sissel Kyrkjebø på singelen «Folket som danser», der inntektene gjekk til FN sitt jordbruksfond. Han innleia også eit samarbeid med Worldview International Foundation, som arbeider med kommunikasjon, og han var med på fleire studiereiser til Asia i lag med organisasjonen.
Tekstforfattar og komponist
Dagsland debuterte som tekstforfattar på det tiande albumet sitt, «Fri» (1998), og han har seinare skrive mange av tekstane sine sjølv. I høve til andre artistar har han først og fremst arbeidd som komponist. Sissel Kyrkjebø, Bjarne Brøndbo, Maria Solheim, Maria Arredondo og Lill Lindfors høyrer til blant dei som har framført Dagsland sin musikk. Han har også skrive teatermusikk. I 2008 fekk Dagsland Prøysenprisen.
 
Peikarar
Heimesida til Sigvart Dagsland

Først publisert: 29.11.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013