Hopp til innhold
X
Innhald

Simon Flem Devold

Simon Flem Devold, forfattar, journalist, jazzmusikar og kunstnar. Gjennom lesarbrevspalta «På skråss» i Aftenposten vart han talerør for ein heil generasjon born.

Simon Flem Devold var fødd 7. mars 1929 i Namsos og døydde i Oslo 20. mai 2015. Han voks opp i Ålesund og var døypt Helge. Då han var førti år gamal, bytte han fornamn til Simon.

Flem Devold starta karrieren som journalist i Sunnmørsposten i Ålesund. Der skreiv og redigerte han «Nest Siste Side», mellom anna med teikneserien «Maske Mack», i 1970-åra. Figuren snakka tulleengelsk, noko som var til både glede og irritasjon.

Simon Flem Devold hadde si første utstilling som biletkunstnar i 1972 og debuterte som forfattar med boka Gutta og jeg i 1973. I løpet av karrieren gav han ut 27 bøker, ved sidan av at òg verka som teiknar og kunstmålar.

Flem Devold flytta til Oslo i 1974, som ein protest mot at heimbyen sprengde bort fuglefjellet i sentrum for å byggje nytt rådhus. I Oslo arbeidde han ein periode i barne- og ungdomsavdelinga i NRK, før han starta det som skulle verte ein lang karriere i Aftenposten. Flem Devold stod bak spalta «På skråss» og «4K-klubben», der born skreiv inn og fekk svar på trykk. I spalta svarte Flem Devold på spørsmål om vanskelege og kontroversielle emne: homofili, skilsmisse, mobbing og psykiske problem. Han nådde svært mange born med lesarbrevspalta og var eit slags uoffisielt barneombod, eit talerør og ein rettleiar.

Flem Devold dreiv «På skråss» i 28 år og fekk mellom 100 000 og 200 000 brev frå norske born.

I tillegg til å vere forfattar og journalist verka Flem Devold som målar, illustratør og jazzmusikar. Han spela klarinett og var leiar for «Simon Flem Devolds Kvartett». Flem Devold gav ut plater med mellom andre vokalisten Marit Carlsen og pianisten Tord Gustavsen.

Flem Devold fekk tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar for arbeidet sitt for born og unge, mellom anna Kongens fortenestmedalje i gull (2002), UNICEF Norges ærespris (2009), Fritt ords honnørpris (2012), Brobyggerprisen (1996), Barnehelseprisen (2011), Wandaprisen (1998) og Åpenhetsprisen (2006).

Kjelder

Karl Johan Vatne: «Simon Flem Devold (1929–2015). Han sa nylig i et intervju at han gleder seg til å finne ut hvordan det er i himmelen. Nå vet han det.», Sunnmørsposten 22.5.2015

«Fritt Ords Honnør til Simon Flem Devold», frittord.no: http://www.frittord.no/aktuelt/fritt-ords-honnr-2012-til-simon-flem-devold/ [lesedato 22.5.2015]

«Simon Flem Devold er død», Sunnmørsposten 21.5.2015: http://www.smp.no/kultur/article10985504.ece [lesedato 21.5.2015]

Per Egil Hegge: «Minneord: Simon Flem Devold», Aftenposten 21.5.2015: http://www.aftenposten.no/kultur/Minneord-Simon-Flem-Devold-8028901.html [lesedato 21.5.2015]

UNICEF Norge: «En venn av de mange små har gått bort», unicef.no: https://www.unicef.no/nyheter/13030/en-venn-av-de-mange-sma-har-gatt-bort [lesedato 27.5.2015]

Peikarar

Elektronisk base med innhald frå «På skråss»-spalta med Simon Flem Devold som stod på trykk i Aftenposten 1984–2012, paskrass.no

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 15.02.2019