Hopp til innhold
Torkjell Djupedal. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
Torkjell Djupedal. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Torkjell Djupedal

Torkjell Djupedal, journalist, forfattar og forleggjar som sidan 1996 har drive det allsidige nynorskforlaget Selja Forlag i Førde.

Djupedal er fødd 6. april 1957 i Oslo. Han er son av Reidar Djupedal og bror til stortingsrepresentant og tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedal, og har utdanning som cand.mag. ved Universitetet i Bergen og som journalist ved University of Oregon. Han har arbeidd som informasjonskonsulent for Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989–92) og som journalist i Gula Tidend (1986–89) og i NRK Sogn og Fjordane (1992–96).
 
Starten på Selja Forlag var hans eiga første bok, Selja – kulturhistorisk handbok (1996). Forlaget har han drive på heiltid sidan 1998. Djupedal har vist særskild interesse for kyrkje- og mellomalderhistorie og har vore medforfattar på fleire bøker med dette som tema. Men på Selja Forlag har han også arbeidd med og gitt ut bøker om ulike kulturhistoriske emne som mat, kystkultur og reise- og naturopplevingar, forutan generell historie, essay og enkelte skjønnlitterære utgivingar og barnebøker.

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013