Hopp til innhold
X
Innhald

Didrik W. Blaauw

Didrik W. Blaauw (1853-1949) frå Bergen, busett i Framfjorden og i Hellevik i Fjaler. Fossespekulant og industribyggjar.

Didrik W. Blaauw (1853-1949) frå Bergen, busett i Framfjorden og i Hellevik i Fjaler. Fossespekulant og industribyggjar.

Vart på folkemunne kalla «Fosse-Blaauw». Kjøpte i 1905 fallrettar i vassdraga kring Arnafjorden. Oppdaga talkforekomstane i fjella kring Framfjorden og grunnla i 1908 selskapet «Mineral og kraft A/S» (sjå: Talkgruvene i Framfjorden) som starta gruvedrift og fekk kring 100 tilsette. I 1917 sikra han seg også fallrettane i Målsetvatnet og Ovrisvatnet.

Inntektene frå Framfjorden investerte han m.a. i talkgruver i Hardanger og i ein torvkolfabrikk i Hellevik i Sunnfjord (sjå under: British Aluminium Company ).

Då mølleanlegget i Framfjorden vart totalskadd av brann i 1924, gjekk Blaauw konkurs, og flytta deretter til Hellevik, der han budde resten av livet. Eldre folk kan hugse den gamle mannen som spaserte rundt i Gjølanger med sin karakteristiske kalott på hovudet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.10.2010