Hopp til innhold

Arne Espeland

Arne Magnus Espeland var lærar, forfattar og NRK-medarbeidar. I NRK var han ein av nynorskpionerane. Under andre verdskrigen gjorde han ein stor innsats som motstandsmann.

Les meir om Arne Espeland

Asbjørn Eidnes

Asbjørn Eidnes, nordnorsk skulemann og lokalhistorikar. I 47 år redigerte han Håløygminne, eit lokalhistorisk tidsskrift for heile Nord-Noreg.

Les meir om Asbjørn Eidnes

Bergljot Engeset

Bergljot Lovise Engeset, skodespelar, journalist og forfattar med ein svært allsidig karriere. I 1970-åra var ho programleiar for fleire populære fjernsynsprogram i NRK.

Les meir om Bergljot Engeset

Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg er musikar, teolog, forfattar og komponist. Eidsvåg har vorte ein folkekjær artist ved å stille ærlege, folkelege og til dels vanskelege spørsmål, om tru, håp og tvil.

Les meir om Bjørn Eidsvåg

Hallvard Eika

Hallvard Eika, politikar og organisasjonsmann. Han leidde Norges Bondelag i elleve år og hadde som handelsminister 1972–73 ansvaret for handelsavtalen med EF.

Les meir om Hallvard Eika

Ivar Eskeland

Ivar Eskeland, omsetjar, kritikar og talar. Han omsette over hundre bøker til nynorsk og bokmål og meistra begge målformer betre enn dei fleste.

Les meir om Ivar Eskeland

Johan Wilhelm Eide

Johan Wilhelm Eide, boktrykkjar, aviseigar og forleggjar. Han starta Bergens Tidende i 1868, kjempa mot byråkrati, embetsmannsvelde og pietisme, og støtta den framveksande målrørsla.

Les meir om Johan Wilhelm Eide

Kåre Elstad

Kåre Ivar Elstad, skulemann og dialektforskar med nordnorske dialektar som spesialitet. Frå 1974 var han tilsett ved Universitetet i Tromsø, frå 1984 som professor.

Les meir om Kåre Elstad

Lars Eskeland

Lars Øysteinsson Eskeland, folkehøgskulestyrar og diktar, ein av dei fremste folkehøgskulemennene i si tid. Han arbeidde svært aktivt for målsaka og likeins for bondereisinga.
Les meir om Lars Eskeland

Oskar Norman Eng

Oskar Norman Eng, lege, kommunepolitikar og stortingsrepresentant. I ungdomen var han med og stifta Det Norske Samlaget og var medredaktør i landsmålsblada Svein Urædd og Fram.

Les meir om Oskar Norman Eng

Ove Eide

Ove Lidvar Eide, lektor, kulturarbeidar og forfattar frå Gloppen. Han har vore sterkt engasjert i formidlinga av Jakob Sande si dikting, og har òg skrive ein biografi om Sande.

Les meir om Ove Eide

Severin Eskeland

Lars Severin Eskeland, skulemann, bokmann, målmann. Han var den første som skreiv artiumsstil på landsmål og var i 30 år rektor ved lærarskulen på Stord.

Les meir om Severin Eskeland

Terje Eggum

Terje Eggum, journalist som har arbeidd både i lokalmedia i Sogn og Fjordane og som korrespondent i hovudstaden. Han har òg skrive fleire lokalhistoriske bøker.

Les meir om Terje Eggum

Torolf Elster

Torolf Elster

Torolf Elster, journalist, forfattar og kringkastingsmann. Han var ein viktig aktør i norsk kulturliv gjennom mange år, både på mediefeltet og som skjønnlitterær forfattar og skribent.

Les meir om Torolf Elster

Velle Espeland

Velle Nils Espeland, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv, har gjort spøkjelse til ein av spesialitetane i dei folkloristiske arbeida sine.

Les meir om Velle Espeland

Aage Engesæter

Aage Engesæter, historikar og museumsdirektør i Sogndal. Han har hatt ei sentral rolle i historieforsking og formidling ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og Sogn Folkemuseum sidan 1970-åra.

Les meir om Aage Engesæter