Hopp til innhold
X
Innhald

Aage Engesæter

Aage Engesæter, historikar og museumsdirektør i Sogndal. Han har hatt ei sentral rolle i historieforsking og formidling ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og Sogn Folkemuseum sidan 1970-åra.

Engesæter er fødd 19.1.1951 i Sogndal. Han har utdanning som cand. philol. frå Universitetet i Bergen 1974 med historie hovudfag. I 1977 blei han tilsett som vitskapleg assistent ved den då relativt nyetablerte Sogn og Fjordane distriktshøgskole. Her avanserte han til amanuensis i historie i 1980 og rektor 1989-94, då høgskulen blei slått i hop med dei andre høgare utdanningsinstitusjonane i Sogn og Fjordane. Frå 1995 til 2012 var han direktør ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Etter det hadde han stilling som førstekonservator i Musea i Sogn og Fjordane, med eit særleg ansvar for utstillingane på Reiselivsmuseet.
 
Engesæther har skrive fleire bøker og ei rekkje lokalhistoriske skrifter og artiklar. Saman med Johs. B. Thue skreiv han institusjonssoga Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1988). Engesæter har fokusert særleg på økonomiske og sosiale utviklingstrekk på 1800-talet. I Rift om brødet? (1985) stiller han spørsmål ved teorien om at den tidlege utvandringa til Amerika frå Sogn skuldast overbefolking.
 
Peikarar
Aage Engesæter i Bibsys

Først publisert: 27.07.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018