Faktaboks

Bergljot Engeset

Bergljot Lovise Engeset

Fødd
15. mai 1941, Stranda, Møre og Romsdal
Vildanden
Bergljot Engeset som Hedvig i Vildanden på Den Nationale Scene 1967. Rolf Berntsen og Karin Simonnæs som Hjalmar og Gina Ekdal.
Av /Trondheim byarkiv.
Lisens: CC BY 2.0

Bergljot Engeset er skodespelar, journalist og forfattar med ein svært allsidig karriere. I 1970-åra var ho programleiar for fleire populære fjernsynsprogram i NRK.

Engeset er fødd i Stranda i Møre og Romsdal. Ho har utdanning frå Statens Teaterhøgskole i 1965 og starta yrkeskarrieren sin som skodespelar ved Den Nationale Scene og Det Norske Teatret frå 1965 til 1971, med større roller i mellom anna «Vildanden», «Bernardas hus» og «Læraren». I 1972 melde ho overgang til NRK, der ho arbeidde som programsekretær i fleire avdelingar og vart særleg kjend for programma «Leikestove» og «Etter fjøstid». Ho fullførte utdanninga som journalist ved Norsk journalisthøgskole i 1979 og arbeidde deretter ved Nynorsk Pressekontor fram til 1986. Ein periode var ho informasjonsleiar for Teatret Vårt i Molde.

Engeset har vist stor breidd som skribent, og ho har skrive bøker både om erfaringane sine som innflyttar i Oslo og om kulturhistoria til landsdelen der ho har røtene sine. Fleire av bøkene har ho gitt ut på sitt eige forlag, Norsk kulturformidling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg