Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Fredrik Engelstad

Carl Fredrik Engelstad, 1915–96, var forfattar, kritikar og journalist. Han var knytt til Morgenbladet i perioden 1945–60, Aftenposten i 1965–82, og han var sjef for Nationaltheatret i 1960–61. Engelstad gav mellom anna ut essay, artiklar og romanane Størst blant dem i 1977 og De levendes land i 1986, og skodespelet Tre Maridalsspill i 1981.
 
Engelstad fekk Kritikarprisen i 1979 og 1986, Norsk Kulturråds omsetjarpris i 1974 og Bastianprisen i 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2013
Sist oppdatert: 13.03.2013