Faktaboks

Cecilie Enger
Fødd
21. februar 1963, Oslo
Foto: Linda Næsfeldt
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Cecilie Enger er romanforfattar og journalist. Ho fekk det litterære gjennombrotet sitt i 2013 med romanen Mors gaver, med Alzheimers sjukdom i nære familierelasjonar som tema.

Bakgrunn

Cecilie Enger er fødd i Oslo. Ho gjekk på Nesbru videregående skole frå 1979 til 1982. Då ho gjekk ut av Journalisthøgskolen (no OsloMet – Storbyuniversitetet) i 1988, var ho cand.mag. med faga norsk, historie og journalistikk. I 1994 byrja Enger som journalist i Dagens Næringsliv. I laurdagsmagasinet til avisa har ho skriv reportasjar om aktuelle samfunnstema.

Forfattarskapen

Debutromanen Nødvendigheten kom i 1994. Sidan har Enger skrive fleire romanar og éi barnebok, Kjell Aksel, en snauklippet historie (1999). I 2000 kom romanen Brødrene Henriksen, eit lågmælt portrett av to brør og venskapen mellom dei frå barndommen og inn i vaksen alder.

Fleire av romanane har historiske tema. Romanen Himmelstormeren.(2007) handlar om Ellisif Wessel, ei kvinne i den norske arbeidarrørsla tidleg på 1900-talet. Kammerpiken (2011) er ein roman om ei engelsk ungjente som gjorde lang og tru teneste hos dronning Maud.

Mors gaver (2013) er Enger sitt store litterære gjennombrot. Romanen skil seg frå dei tidlegare bøkene hennar ved at ho her skriv om sitt eige liv og sin eigen familie. Enger skildrar korleis ho og familien opplevde at mora fekk Alzheimer og etter kvart kom på sjukeheim. Utgangspunktet for forteljinga er funnet av mora sine handskrivne lister over julegåver familien hadde gitt og fått opp gjennom åra. Mors gaver har nådd ut til eit stort publikum og er utgitt i Danmark, Nederland, Romania, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn. Romanen Pust for meg (2017) handlar om tre generasjonar kvinner, om å miste kontrollen over eige liv og korleis ein kan leve med skuldkjensle etter eit dramatisk dødsfall. Romanen Ett minutts stillhet (2023) handlar om ei aldrande kvinne som mistar språk og identitet etter eit hjerneslag.

Utmerkingar

I 1994 fekk Enger Nota Benes kulturpris for debutboka Nødvendigheten. Brødrene Henriksen vart nominert til Brageprisen i 2000. I 2007 fekk ho Klassekampens kulturpris «Neshornet» for Himmelstormeren. Året etter fekk ho Amalie Skram-prisen. For Mors gaver vart Enger i 2013 tildelt Bokhandlarprisen og vart nominert til Kritikarprisen.

Bibliografi

  • Ett minutts stillhet (Roman, Gyldendal, 2023)
  • Det hvite kartet (Roman, Gyldendal, 2021)
  • Pust for meg. (Roman, Gyldendal, 2016)
  • Mors gaver. (Roman, Gyldendal, 2013)
  • Kammerpiken. (Roman, Gyldendal, 2011)
  • Himmelstormeren. (Roman, Gyldendal, 2007)
  • Se i nåde. (Roman, Gyldendal, 2003)
  • Brødrene Henriksen. (Roman, Gyldendal, 2000)
  • Kjell Aksel, en snauklippet historie. (Barnebok, Gyldendal Tiden, 1999)
  • Ytterpunkt. (Roman, 1996)
  • Nødvendigheten. (Roman, 1994)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg