Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Dagrun Eriksen

Dagrun Jofrid Eriksen, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Vest-Agder 1997—2013 og tidlegare nestleiar i partiet som føreslo å fjerne trusvedkjenningskravet for tillitsvalde i KrF.

Dagrun Eriksen er fødd 28. juni 1971 i Kristiansand og er oppvaksen same staden. Ho gjekk på Vågsbygd videregående skole i 1987–90 og tok grunnfag i kristendom ved Høgskolen i Agder i 1990–91. Ho har arbeidd i Grim menighet (1990–91), som barnehageassistent ved Straitunet barnehage (1993–94) og som lærarvikar og assistent ved Solholmen skole (1996–97). I 1997 møtte ho fast på Stortinget for minister Jon Lilletun og har vore vararepresentant og hadde fast plass på Stortinget til valet i 2013.
Eriksen var medlem av Kristiansand bystyre for Kristeleg Folkeparti i 1995–97 og 2000–01. I 1997–2000 var ho medlem av KrFs forsvarspolitiske utval, og i 2001–03 var ho 1. vararepresentant til sentralstyret i KrF og styremedlem i 2003–04. Frå 2004 har ho vore medlem av KrFs kvinners landsstyre og 1. nestleiar i partiet fram til 2017. Eriksen var formelt vararepresentant til Stortinget frå Vest-Agder 1997–2001 og 2005–09, men møtte fast for statsråd Jon Lilletun, bortsett frå åra 2000–01 og 2005–06. Ho hadde fast plass på Stortinget i periodane 2001–05 og 2009–13, men blei vraka som kandidat frå Vest-Agder ved valet i 2013. Hjartesakene hennar er familiepolitikk og skulepolitikk. I 2017 var ho førstekandidat for Nordland KrF.

Frå 2018 er ho marknads- og kommunikasjonssjef i helseteknologiselskapet ContinYou i Rogaland.

Eriksen var leiar av strategivalet i Kristeleg Folkeparti i 2010, som føreslo å fjerne trusvedkjenningskravet for tillitsvalde i partiet.
Ho var har vore meddommar i Agder lagmannsrett sidan 1995, var medlem av skulestyret ved Sjøstrand skole 2000–01 og er medlem av rådet i Strømmestiftelsen og landsstyret i Blå Kors. Frå 2014 er ho styreleiar i Arkivet i Kristiansand.
Kjelder
Dagrun Eriksen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=DE [lesedato 1.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 05.09.2018