Hopp til innhold
X
Innhald

Eivind Eidslott

Eivind Eidslott, journalist, redaktør, forfattar og friluftsmann som arbeider i reklamebransjen.

Eivind Eidslott er fødd 8. september 1976 i Ålesund i Møre og Romsdal, der han voks opp, og han er busett i Oslo. Han tok vidaregåande skule i 1992–95 og studerte ved Universitetet i Bergen i 1995–97.

Han var redaktør av avisa Studvest i 1997, og i 1998 skipa han ski- og snøbrettmagasinet Fri Flyt saman med Anders Waage Nilsen. I 1999–2000 var han journalist i Dagbladet, frå 2000 til 2006 var han redaktør i Dagbladet Fredag og i 2006–08 redaktør i Dagbladet Søndag. I perioden 2008–13 var han redaktør for Norrøna Magazine, og i 2013–14 var han redaktør av 360 Oslo Airport Magazine. i 2014–16 hadde Eidslott tittelen Head of Content i reklamebyrået McCann og blei viseadministerande direktør der i 2016.

Eidslott har skrive ei rekkje bøker om friluftsliv, og han debuterte i 2002 med Til topps i Nordland. Seinare kom Toppturer i Norge (2006), Skiguide til Norge (2006), Besseggen (2008), Fjellbarna (2011), Helt ute (2014) og Fjellbarnas favoritter (2015). Barneboka Alessandro er glad han ikke er ei ku kom i 2008. I 2014 gav han ut boka Livet med Marikken. Hvordan Down kan bli en opptur, om dottera som har Downs syndrom.

Eivind Eidslott var òg med på å etablere reklamebyrået Innholdsbyrået i 2015, der han er styreleiar. Han har hatt fleire verv, mellom anna i Den Norske Turistforening mellom 1992 og 1998, leiar i Ålesund-Sunnmøre Turistforening Ung, landsstyremedlem i DNT Ung og redaktør i medlemsbladet Ut i 1995–97.

Fjellbarna blei kåra til Årets Fjellbok i 2011.

Kjelder

Eivind Eidslott på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/eivind-eidslott-b79a9643 [lesedato 5.11.2016]

Julie Maske: «Fjellbarna kåret til Årets Fjellbok», Den Norske Turistforening, publisert 16.10.2011: https://www.dnt.no/nyhetsarkiv/1142-fjellbarna-karet-til-arets-fjellbok/ [lesedato 5.11.2016]

Peikarar

Eivind Eidslott: «Vår datter har Down syndrom», dagbladet.no

Eivind Eidslott: «En hymne til Sogn og Fjordane», utemagasinet.no

NRK Radio: «Naturens verden», nrk.no

Solfrid Vartdal: «Opptur med Marikkens Down»: smp.no

Først publisert: 01.03.2017
Sist oppdatert: 20.03.2017