Hopp til innhold
X
Innhald

Elisabeth Edland

Elisabeth Edland, fråhaldstalar og kvinnesakskvinne. Som folketalar med ryfylkedialekt som kjennemerke nådde ho ut til mange i sitt korte liv.

Edland blei fødd på Mosterøy 16. april 1869 og døydde 7. desember 1901. Ho gjekk amtsskulen i Ryfylke, tok eit målkurs i Stavanger i 1887 og lærarkurs ved Vonheim folkehøgskule i 1891 og 1893.
 
Berre 15 år gammal blei ho lærar på Mosterøy. Ho skipa fråhaldslag på staden i 1886 og blei raskt vide kjend som ein framifrå folketalar med ryfylkedialekten som kjennemerke. Edland var emissær for Det Norske Totalavholdsselskap frå 1892.
 
Gjennom foredrag og kontakt med politiske miljø var ho ei profilert talskvinne både for målsak og for at kvinner skulle få røysterett. I 1899 var ho med og skipa Rygjalaget fylkesmållag i Rogaland. Heime på Mosterøy planta Edland 20 000 tre.  
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Ragna Rytter: Elisabeth Edland. Trondheim 1957

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 28.01.2016