Hopp til innhold
X
Innhald

Ellen Einan

Ellen Einan, lyrikar som framkalla dikt frå undermedvitet og skapte eit eigenarta, gåtefullt og musikalsk poetisk univers. Ho var også ein dyktig illustratør.

Ellen Einan var fødd 5. juni 1931 i Svolvær og døydde 25. mars 2013. Ho voks opp på eit gardsbruk utanfor Svolvær og arbeidde heime på garden etter at ho var ferdig med grunnskulen. I vaksen alder starta ho på hjelpepleiarutdanning, utan å fullføre.

I ungdomsåra søkte Einan ut og tok teneste som gardsarbeidar og budeie fleire stader i Noreg og Danmark, før ho reiste heim til Svolvær og stifta familie. Seinare arbeidde ho i mange år som pleiar ved ein aldersheim. I periodar var ho også heimehjelp og resepsjonist på eit hotell.

Det var først i 1977 at Einan tok til å skrive dikt. Då oppdaga ho evner til å hente fram ord og formuleringar frå undermedvitet, utan heilt å vite om kvar innhaldet i dikta kom frå. Av den grunn blir diktarmetoden hennar ofte omtala som automatskrift.

Einan debuterte i 1982 med samlinga Den gode engsøster. Fire år tidlegare hadde ho sjølv publisert ei samling med 48 stensilerte dikt under tittelen Valmuesanger fra solhuset. Samlinga er teken med i Samlede dikt (2011), redigert av Jan Erik Vold. Gjennom dei to første og mange seinare samlingar, som Jorden har hvisket (1984), Søster natt (1985), Jade for min engel (1994) og Dagen får min uro (2004), skapte Einan eit eigenarta, gåtefullt og musikalsk poetisk univers. Ho gav til saman ut 14 diktsamlingar. Sidan ho var ein god teiknar, illustrerte ho sjølv mange av bøkene sine.

Ellen Einan blei etter kvart ein anerkjend poet, og ho fekk fleire prisar for diktinga si. I 2002 fekk ho tildelt Aschehougprisen for den samla forfattarskapen. Den nordnorske Havmannprisen fekk ho i 2009 for samlinga Noen venter på bud. I 2012 fekk ho Diktartavla, ein årviss litterær pris til ein markant norskspråkleg lyrikar. Då ho same året fekk tildelt den svensk-norske Doblougprisen, stadfesta det posisjonen hennar som ein viktig samtidslyrikar i Norden.

Kjelder

Charles I. Armstrong: «The Sacrifices of Ellen Einan», Scandinavian Studies nr. 2/1997. Illinois, USA 1997

Jan Erik Vold: «En stripe av marmor», i Ellen Einan. Samlede dikt. Oslo 2011

«Ellen Einan», i Nordland fylkeskommune, Fylkesleksikon, nfk.no: https://www.nfk.no/fylkesleksikon/innhold/personer/ellen-einan.852725.aspx [lesedato 23.4.2017]

Peikarar

Kjell Madsen: «Så du tror du kjenner annerledeslandet?», Minerva 3.3.2013

Charles Armstrong: «Poetiske visjoner», artikkel om Ellen Einan og automatskrift, i Morgenbladet 22.7.2011 (krev pålogging) 

Først publisert: 18.05.2017
Sist oppdatert: 22.05.2017