Hopp til innhold
X
Innhald

Emil André Erstad

Emil André Erstad, student, politikar og tidlegare leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) 2013–15.

Emil André Erstad er fødd 9. august 1991 i Bergen i og voks opp i Radøy kommune i Hordaland. Han gjekk på vidaregåande skule i 2007–10, var sivilarbeidar i KRIK Hordaland (Kristen Idrettskontakt Hordaland) i 2010–11 og studerte samstundes kommunikasjon og livssyn. I 2014 tok Erstad bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Erstad var nestleiar i Nordhordland KrFU 2009–10, styremedlem i Hordaland KrF 2010–12, nestleiar i Hordaland KrFU 2010–11 og fylkesleiar 2011–12. Han var nestleiar i KrFU sentralt 2012–13, før han blei vald til leiar i KrFU hausten 2013, etter Elisabeth Løland. Erstad gjekk av som leiar i KrFU i 2015. I 2012–15 var han medlem av landsstyret i KrF og 2013–15 medlem av sentralstyret i KrF. 2015–17 er han medlem av Internasjonalt utval i KrF. Frå hausten 2015 jobbar Erstad som rådgjevar med internasjonale spørsmål i tankesmia Agenda. Han har gitt ut bok om krigshandlingane i Syria.

Erstad vil utnytte posisjonen KrF har som opposisjonsparti på Stortinget, gjere KrFU opnare og meir mangfaldig og appellere til fleire veljarar mellom anna ved å leggje vekt på familiepolitikk. Han meiner at KrFU og KrF bør godta ekteskapslova og vil diskutere om homofile kan adoptere barn.

Erstad vil gjere partiet breiare ved å setje menneskeverd og rettferd høgt og invitere muslimar og andre grupper inn i partiet. Han vil òg arbeide for at partiet blir eit grønare parti, med tydelege prioriteringar innanfor klima- og miljøpolitikk.

Erstad er nynorskbrukar og starta ein aksjon for å Facebook på nynorsk.

Han er styremedlem i Noregs Mållag for perioden 2014–16, styremedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 2015–17, styremedlem i Støttekomiteen for Vest-Sahara 2015–16 og varamedlem i styret for Dag og Tid 2015– 2016.

Kjelder

E-post frå Emil-Andrè Erstad, 24.8.2015

Bloggen til Emil-Andrè Erstad: http://emilerstad.no/ [lesedato 11.5.14]

Svein Olav B. Langåker: «– Vil setja tydeleg KrFU-merke på norsk politikk», framtida.no, publisert 3.10. 2013: http://framtida.no/articles/vil-setja-tydeleg-krfu-merke-pa-norsk-politikk#.U3JrvYF_vTA [lesedato 11.5.14]

Ruben Ramirez-Skålevik: «Emil Andrè Erstad valgt som ny leder i KrFU», krfu.no, publisert 19.10.2013: http://krfu.no/artikler/emil-andre-erstad-valgt-som-ny-leder-i-krfu [lesedato 11.5.14]

Peikarar

«KrFU-lederen går til rødgrønn tankesmie», vl.no, publisert 21.9.2015

«Ferdig i KrFU», framtida.no, publisert 28.4.2015

«KrF sier nei til KrFU-lederens homoforslag», nrk.no, publisert 14.1.2014

Sofie Prestegård: «KrFU frir til muslimer», dagsavisen.no, publisert 9.10.2013

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 21.02.2017