Hopp til innhold
X
Innhald

Eratosthenes frå Kyrene

Eratosthenes frå Kyrene, ca 276–ca 194 f.Kr. gresk filosof og matematikar. Han var mellom dei første som kalkulerte storleiken på jorda utifrå den føresetnaden at ho var ei kule. Han fann at omkrinsen var – målt med lengdeeiningane våre – ca 39 400 km, som er nokså nær det korrekte. Han oppdaga ein metode for å fastsetje talet på primtal under eit gitt tal, kalla Eratosthenes' sil- eller såld-metode.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012