Hopp til innhold
X
Innhald

Espen Barth Eide

Espen Barth Eide, politikar og tidlegare forsvarsminister og utanriksminister og statssekretær i begge departementa. Frå 2013 er Espen Barth Eide administrerande direktør i World Economic Forum i Genève.

Espen Barth Eide er fødd 1. mai 1964 i Oslo. Han vart cand.polit. i 1998 frå Universitetet i Oslo og har abridd som leiar for avdeling for internasjonal politikk ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt, NUPI. Som forskar har han vore særleg oppteken av FN si rolle i internasjonal politikk. Han har òg ei fortid som generalsekretær i Europabevegelsen og er ein varm tilhengjar av både EU-samarbeidet og internasjonalt samarbeid generelt.
Espen Barth Eide som utanriksminister i 2012, saman med generalsekretær i FN, Ban Ki-Moon. Foto: Evan Schneider, FN. Kjelde: Utanriksdepartementet. CC BY 2.0
Espen Barth Eide som utanriksminister i 2012, saman med generalsekretær i FN, Ban Ki-Moon. Foto: Evan Schneider, FN. Kjelde: Utanriksdepartementet. CC BY 2.0

I Arbeidarpartiet har han gått gradane frå AUF til å verte politisk sekretær i Arbeidarpartiets bystyregruppe i Oslo. Han har vore anten statssekretær eller statsråd i begge Stoltenberg-regjeringane. Han var statssekretær i Utanriksdepartementet i 2000–01 og 2010–11 og i Forsvarsdepartementet 2005–2010, og statsråd i Forsvarsdepartementet 2011–12 og Utanriksdepartementet 2012–13.
Frå 2013 er Espen Barth Eide administrerande direktør i World Economic Forum i Genève.
Kjelder
Espen Barth Eide, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dep/ebe.html?id=699545 [lesedato 10.4.2013]
Espen Barth Eide, biografi, snl.no: http://snl.no/Espen_Barth_Eide [lesedato 10.4.2013]

Først publisert: 10.04.2013
Sist oppdatert: 28.03.2014