Hopp til innhold
X
Innhald

Euklid

Euklid, gresk Evkleides, gresk matematikar som levde på 300-talet f.Kr. Han vert rekna for å vere ein av dei største matematikarane som har levd.
Han samla matematikken frå samtida si i eit verk på 13 bøker, Elementene (gresk Stoikheia). Desse bøkene vert vanlegvis hugsa som geometribøker, men inneheld òg talteori.
Geometrien bygde han opp som ein streng matematisk teori med definisjonar, grunnomgrep, aksiom og setningar. Han innførte dessutan postulat. Av dei er det femte vorte vidgjete: Gjennom eit punkt utanfor ei rett line kan det berre trekkjast éin parallell til lina. Det har ikkje lukkast å prove dette med hjelpe frå postulata og aksioma elles. Tvert imot fann ein at ein kan byggje opp ein logisk korrekt geometri utan dette postulatet, og dette har ført til at vi i dag skil mellom euklidsk og ikkje-euklidsk geometri.
Måten Euklid bygde opp geometrien på, har spelt ei monaleg rolle både for matematikken og andre fagfelt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012