Hopp til innhold
Geir Atle Ersland. Fotokjelde: Samlaget. Nytta etter avtale.
Geir Atle Ersland. Fotokjelde: Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Geir Atle Ersland

Geir Atle Ersland, historikar med mellomalderen som spesialfelt. Han har stilling som UNESCO-professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Geir Atle Ersland er fødd 3. januar 1957 i Bergen. Han vaks opp i Kvinnherad og på Stord og tok historie hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1989. I hovudoppgåva gjorde Ersland eit forsøk på å rekonstruere grunneigefordelinga i Bergen ved utgangen av seinmellomalderen. Som stipendiat ved det same universitetet fekk han høve til å fordjupe seg i tematikken, og i doktorgradsavhandlinga frå 1994 samanlikna han utviklinga av grunnleige i Bergen med tilhøva i fleire andre nordeuropeiske byar.

Ersland var i 1997–99 tilsett som seniorforskar ved Institutt for forsvarsstudier i Oslo, som ligg under Forsvarets høgskole, før han i 2002 fekk fast stilling ved Historisk institutt ved Universitetet i Bergen. I 2011 fekk han professorstilling, og i 2016 vart han utnemnd til det første UNESCO-professoratet i Noreg. Dette er ei ordning der UNESCO samarbeider med ulike universitet om forsking som inngår i eit større internasjonalt samarbeid.

Ersland har skrive ei rekkje bøker og artiklar, med særleg vekt på mellomalderen. Av dei viktigaste kan nemnast første bandet av Samlaget si noregshistorie (1999, saman med Hilde Sandvik), første bandet av Norsk forsvarshistorie (2008, saman med Terje H. Holm) og første bandet av Stavanger bys historie (2012, saman med Arne Solli). Han har også gitt ut ein roman, Den som tener sverdet (2004).

 

Kjelder

Geir Atle Ersland, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/geir-atle-ersland [lesedato 9.1.2020]

Pål Andreas Mæland: «Han blir Unescos mann i Bergen», bt.no, publisert 26.9.2016 (krev abonnement): https://www.bt.no/kultur/i/xWlkG/han-blir-unescos-mann-i-bergen [lesedato 9.1.2020]

 

Peikarar

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Forskarinformasjon, wo.cristin.no

 

Først publisert: 29.10.2020
Sist oppdatert: 29.10.2020